1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Arrangement

Norsk mediestøtte: Korleis sikre mediemangfaldet?

Journalist med kamera jobber ute. Foto Unsplasj

8. desember 2021 legg Medietilsynet fram rapporten "Dei direkte mediestøtteordningane", som er utarbeidd på oppdrag frå Kulturdepartementet. Medietilsynets direktør, Mari Velsand, presenterer hovudfunna og legg fram konkrete tilrådingar til korleis mediestøtta bør fordelast i åra framover.

For
Mediebransje, mediemyndigheiter, presse, interesserte
Sted
Digital sending
Tid

Er mediestøtta tilpassa den rivande utviklinga i mediebransjen?

Finst det udekte støttebehov i mediebransjen i dag?

Bør media få meir i støtte?

oransje strek 2 smalere.png

Dette er blant spørsmåla Medietilsynets rapport svarer opp. Stortinget skal fastsette nye fireeårige styringssignal for den direkte mediestøtta for perioden 2023–2026. Som eit bidrag til grunnlaget for vurderingane av dei økonomiske rammene for mediestøtta, og eventuelle behov for endringar av tilskottsordningane, har Medietilsynet fått i oppdrag frå Kulturdepartementet å utarbeide ein rapport om dei direkte mediestøtteordningane.

I rapporten skilder Medietilsynet sentrale utviklingstrekk på mediefeltet, og korleis desse påverkar støttebehovet. På bakgrunn av dette har tilsynet gjennomgått og evaluert dei direkte mediestøtteordningane og vurderte behov for endringar og eventuelle nye tilskotsordningar. Medietilsynet legg fram konkrete tilrådingar til korleis mediestøtta bør fordelast i åra framover.

02.12.21: På grunn av smittesituasjonen og nye tiltak i forbindelse med korona, endrer Medietilsynet arrangementet til å være heildigitalt. Det vil ikkje være mogleg å delta fysisk på Litteraturhuset.

Arrangementet blir sendt direkte på Medietilsynets Youtube-kanal. Du kan også sjå det her:

 

blobid2.png