1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Arrangement

NRKs bidrag til mediemangfaldet

29. november 2021 legg Medietilsynet fram rapporten «NRKs bidrag til mediemangfaldet». Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå Kulturdepartmentet og blir overrekt til kulturminister Anette Trettebergstuen. Medietilsynets direktør Mari Velsand presenterer hovudfunn.

For
Presse, media, myndigheiter, interesserte
Sted
Pressens hus, Skippergata 24, Oslo (nettarrangement)
Tid

Stortinget skal fastsette nye fireeårige styringssignal for NRK for perioden 2023–2026. Som eit bidrag til grunnlaget for vurderingane av dei økonomiske rammene for NRK og eventuelle behov for endringar i NRKs allmennkringkastingsoppdrag, har Medietilsynet fått i oppdrag frå Kulturdepartementet å utarbeide ein rapport om NRK sitt bidrag til mediemangfaldet og korleis NRKs verksemd verkar inn på konkurransesituasjonen i den norske mediemarknaden.

Medietilsynet vil presentere ein rapport med faktabasert grunnlag der det inngår vurderingar av korleis NRKs tilbod, samanlikna med tilbodet til andre aktørar, bidrar til innhalds- og bruksmangfald, korleis NRK oppfyller det særskilde ansvaret sitt for å dekke tematiske og geografiske blindsoner og korleis NRK gjennom samarbeid med andre aktørar bidrar til mediemangfaldet. Vidare inngår ein analyse av konkurranseeffekten av eit utval av NRKs tenester, særleg det digitale nyheits- og aktualitetstilbodet.

Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgast direkte på www.regjeringen.no eller her på Medietilsynets nettsider. Det er også et arrangement på Facebook du kan følge.

For pressa:

Adresse: Pressens hus, Skippergata 24, Oslo. Oppmøtetid for pressa er seinast kl. 09.45.

Påmelding: Vi ber alle frå pressa om å melde seg på med namn og telefonnummer til kudinfo@kud.dep.no innan måndag 29. november kl. 09.00.  

Pressekontakt i Medietilsynet: Nina Bjerke | nina.bjerke@medietilsynet.no | 41 93 41 54
Pressekontakt i Kulturdepartementet: John Olav Kroken | john-olav.kroken@kud.dep.no | 92 24 75 82