1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Pågående prosjekter og utredninger

Pågående prosjekter og utredninger

Utgreiing om NRKs bidrag til mediemangfaldet

Foto dekorativt

Medietilsynet skal i 2021 utarbeide ein ny rapport om NRKs bidrag til mediemangfaldet og korleis verksemda til NRK påverkar konkurransesituasjonen i den norske mediemarknaden.

Utgreiinga skal vere med i grunnlaget for Stortingets første behandling av fireårige styringssignal for NRK og mediestøtta. 

Ny NRK-utgreiing om mediemangfald og konkurransesituasjon 

Medietilsynet skal kartlegge korleis NRK medverkar til mediemangfaldet, og korleis verksemda til NRK verkar inn på konkurransesituasjonen i den norske mediemarknaden. Rapporten skal legge fram eit faktabasert grunnlag for utforminga av fireårige styringssignal for NRKs økonomiske rammer, og ei vurdering av om det er behov for å endre allmennkringkastingsoppdraget til NRK. 

Medietilsynet skal vurdere korleis tilbodet til NRK, samanlikna med tilbodet frå andre aktørar, bidrar til innhalds- og bruksmangfald, korleis NRK oppfyller sitt særskilte ansvar for å dekke tematiske og geografiske blindsoner, og korleis NRK gjennom samarbeid med andre aktørar bidrar til mediemangfaldet. Vidare skal Medietilsynet sjå på eventuelle konkurransemessige følgjer av eit utval av tenestene til NRK, særleg det digitale nyheits- og aktualitetstilbodet, og sjå på om NRK sitt nærvær i marknaden påverkar konkurransen på ein slik måte at det svekkjer det samla tilbodet til publikum. 

Medietilsynet utarbeidde ein tilsvarande rapport til Kulturdepartementet i 2018. 

Medietilsynet hentar inn innspel frå bransjen 

For å sikre at Medietilsynet fangar opp både utviklingstrekk og tankar om behov i framtida, er det lagt opp til ein prosess med dialog og innspel frå bransjen. Medietilsynet skal både greie ut sjølv og dra inn eksterne utgreiingskrefter, for eksempel til ein konkurranseanalyse av NRK og andre relevante aktørar. 

Les oppdragsbrevet frå Kulturdepartementet om NRK og mediemangfald her. 

NRK-rapporten blei offentleggjort 29. november 2021. 

Les rapporten "NRKs bidrag til mediemangfaldet her".