1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2015

Nytt fra Medietilsynet

Søk om tilskot til lokalkringkastingsformål for 2016

No kan du søkje om tilskot til lokalkringkastingsformål for 2016.

Melding om endring: denne utlysinga er trekt attende, i påvente av  ny utlysing. Les meir om dette her.

Hovudmålet med tilskotsordninga er å stimulere til eit kvalitetsorientert og livskraftig lokalkringkastingsmiljø som når eit stort publikum.

Kategoriar det kan søkjast om tilskot til er:

  • kompetansehevande tiltak
  • programproduksjon
  • utviklingsprosjekt
  • drifts- og investeringstilskot til lokalradioar retta mot etniske og språklege minoriteter

Frittståande produsenter må søkje gjennom konsesjonær eller registrert lokalkringkastar.

Les meir om korleis du søkjer

Søknadsfristen er 9. oktober 2015

Medietilsynet fattar vedtak etter at søknadene er behandla av Fagutvalet for tilskot til lokalkringkasting. Du kan vente å få svar på søknadane i løpet av februar 2016.

Vi lyser ut tilskot til lokalkringkastingsformål for 2016 med atterhald om Stortinget sitt budsjettvedtak.

Regjeringa har varsla ei endring av tilskotsordninga der omtrent halvparten av kunngjorde midlar vil bli omprioritert til digitaliseringa av radiomediet / DAB-overgangen. I den samanhengen blir det vist til Stortingsmelding 24 (2014-2015): Rammevilkår for lokalradio i samband med digitaliseringa av radiomediet.Det blir derfor forventa at det kan bli gjennomførde endringar som har innverknad på stønadordninga for lokalkringkasting i løpet av 2016.

Gå til veilederen

Gå til søknadsskjemaet (ta kontakt med Jørgen Abelsen og Tor Erik Engebretsen ved spørsmål.