1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Fagutvalg og klagenemnder

Fagutvalg og klagenemnder

Habilitetsreglar for medlemmer og varamedlemmer i Medietilsynets fagutval

Medlemmer av fagutval som hjelper Medietilsynet i behandlinga av søknader om mediestøtte frå tilskottskordningane som tilsynet forvaltar, skal vere habile. Dette er avgjerande for at både dei som søker om mediestøtte, og allmenta skal ha tillit til at søknadene blir behandla på ein objektiv måte.

Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker av 10. februar 1967 (forvaltningsloven) § 6 om habilitet gjeld for all saksbehandling i Medietilsynets fagutval. Habilitetsreglane i dette dokumentet presiserer og supplerer reglane i forvaltningslova. 

Inhabilitet på grunn av styreverv eller eigarskap 

En medlem/varamedlem i eit fagutval er inhabil i vurderinga av ein søknad når vedkommande er styreleiar eller medlem av styret eller bedriftsforsamlinga i selskapet, eigar av eit enkeltpersonsføretak eller har ein vesentleg aksjepost i selskapet som søker om tilskott. Ein vesentleg aksjepost vil seie ein aksjepost på over ti prosent eller at aksjonæren har ein bestemmande innverknad på føretaket.  

Inhabilitet på grunn av slektskap, tilsettingsforhold mm. 

Ein medlem/varamedlem i eit fagutval er inhabil i vurderinga av ein søknad når vedkommande: 

  • er, eller har vore, nært i slekt med ein part nemnd i punkt 1 
  • er tilsett i selskapet som søker om tilskott 
  • er sentral i prosjektet det blir søkt om midlar til, for eksempel prosjektleiar eller annan innleigd medarbeidar i prosjektet 

Andre forhold som medfører inhabilitet 

Ein medlem/varamedlem i eit fagutval er inhabil i vurderinga av ein søknad: 

  • når avgjerda i ei sak kan innebere særleg fordel, tap eller ulempe for medlemmen eller varamedlemmen sjølv / ein person / ei verksemd som vedkommande har nær tilknyting til 
  • når medlemmen/varamedlemmen har eit nært samarbeid med eller står i eit motsetningsforhold til ein part i saka 
  • når medlemmen/varamedlemmen står i eit konkurranseforhold til ein part i saka 
  • når det ligg føre andre særlege forhold som er eigna til å svekke tilliten til at medlemmen/varamedlemmen er upartisk. I uttrykket frå forvaltingslova «egnet til å svekke tilliten» ligg det at ein må vurdere objektivt korleis forholdet vil sjå ut utanfrå – for partane og for offentlegheita generelt. Det vil seie at sjølv om medlemmen har høg personleg integritet og går fram sakleg og forsvarleg, kan situasjonen slik han verkar utanfrå, tilseie at vedkommande ikkje bør ta del i vurderinga. Dette kan for eksempel vere dersom medlemmen har uttalt seg om ei sak i forkant av arbeidet i utvalet på ein slik måte at det framstår som om vedkommande ikkje kjem til å behandle saka på eit sakleg og uhilda grunnlag;  

I vurderinga skal det også leggast vekt på om det har komme habilitetsmotsegner frå ein part i saka, men slike motsegner kan berre får betydning i tvilstilfelle.  

Framgangsmåten ved spørsmål om inhabilitet 

Kvar enkelt medlem skal snarast mogleg og før saksbehandlinga tar til, melde frå til utvalsleiaren og Medietilsynet om kva forhold som kan gjere vedkommande inhabil, og kva sak(er) det gjeld. Medlemmer som er usikre på om dei er habile, kan rådføre seg med Medietilsynet. Medietilsynet avgjer i samråd med utvalsleiaren om medlemmen er habil. Ved inhabilitet kallar Medietilsynet inn ein varamedlem, som trer inn i staden for medlemmen når den aktuelle søknaden blir behandla. Habilitetsspørsmål skal alltid reisast i starten av møtet/saksbehandlinga, sjølv om det ikkje har kome meldingar om inhabilitet i forkant. Saker om habilitet skal alltid protokollførast.