1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Oppgaver

Oppgaver

Medietilsynets ansvar og oppgåver

Medietilsynet er forvaltnings- og tilsynsorganet til staten på mediefeltet og er underlagt Kulturdepartementet. Medietilsynet skal bidra til å oppfylle samfunnsmåla om ytringsfridom, rettstryggleik og eit levande demokrati. Dei prioriterte arbeidsområda er å legge til rette for eit sterkt mediemangfald og kritisk medieforståing i befolkninga.

Mediestøtteordningar   

Medietilsynet forvaltar dei statlege mediestøtteordningane. Dette gjeld ordningar for: produksjonstilskott for nyheits- og aktualitetsmedium, tilskott til samiske aviser, tilskott til aviser i Finnmark, tilskott til lokale lyd- og bildemedium, innovasjons- og utviklingstilskott, tilskott til medieforsking og tilskott til etterutdanning. Fleire av ordningane har eigne fagutval, som gir råd til Medietilsynet før tilskotta blir fordelte.

Medietilsynet skal legge til rette for eit mangfaldi av redaktørstyrte journalistiske medium over heile landet.

Regelverk 

Medietilsynet skal kontrollere at reglane i kringkastingslova, bildeprogramlova, vallova § 9-9 og forskriftene på mediestøttefeltet blir følgde. Til dømes fører Medietilsynet tilsyn med at tv- og radiokanalane følgjer reglane om reklame, sponsing og produktplassering. Kvart år undersøker Medietilsynet om NRK og TV 2 oppfyller forpliktinganen dei har som allmennkringkastarar.  

Medietilsynet gir løyve til å drive og sende lokalradio – og følgjer opp at vilkåra blir overhaldne. 

Medietilsynet øsnker å bidra til eit godt og oppdatert regelverk på mediefeltet, og hjelper Kulturdepartementet i arbeidet med å revidere lover og forskrifter. 

Medietilsynet engasjerer seg også internasjonalt, gjennom EPRA, som er eit samarbeidsforum for europeiske mediemyndigheiter, og ERGA, som er ei gruppe for dei uavhengige mediemyndigheitene i EU- og EØS/EFTA-landa, og som gir råd til EU-kommisjonen i mediespørsmål. 

Film og kino 

Alle filmar som skal bli viste på kino i Noreg, må ha ei aldersgrense. Medietilsynet setter desse aldersgrensene, i tråd med reglane i bildeprgramloven. For filmar og program som blir sende på fjernsyn og i audiovisuelle bestillingstenester (som til dømes TV 2 Play eller norske Youtube-kanalar), har aktørane sjølve ansvar for å sette aldersgrensene. Medietilsynet kontrollerer at aldersgrensene blir sette i tråd med regelverket. 

Medietilsynet har også ansvar for å registrere alle videogram (mellom anna DVD og Blu-ray) som blir omsette i Noreg. 

Fakta og innsikt 

Medietilsynet har ansvar for at både styresmakter og publikum har tilgang til oppdatert og relevant kunnskap om utviklinga på mediefeltet, både i Noreg og internasjonalt. 

Mellom anna publiserer Medietilsynet årleg ein mediemangfaldsrekneskap, der ulike delrapportar tar for seg status og utvikling for avsendarmangfald, bruksmangfald og innhaldsmangfald. Lov om openheit om eigarskap i media slår fast at Medietilsynet skal bidra til å skape større openheit, merksemd og kunnskap om eigartilhøva i norske medium. Det gjer tilsynet  ved å hente inn og systematisere informasjon om eigartilhøve og gjere informasjonen tilgjengeleg for borgarane gjennom den årlege rapporten om mediemangfald. 

Medietilsynet utarbeider årleg også ein rapport om den økonomiske utviklinga i norske medium, og gjer jamleg større undersøkingar om mediebruken til barn og unge og om den kritiske medieforståinga i den norske befolkninga. 

Vidare har Medietilsynet jamleg utgreiingsoppdrag for Kulturdepartementet. 

Medietilsynet har dialog med aktørar i mediebransjen, andre tilsyn og organisasjonar, mellom anna i regelmessige kontaktmøte.

Medietilsynet skal bidra til aktive og trygge mediebrukarar som gjer informerte val.

Barn og medium 

Medietilsynet skal bidra til at barn og unge kan ha ein aktiv og trygg digital kvardag. Det er viktig å ha kunnskap om medievanane til barn og unge og om kva som er mogleg for dei, og kva utfordringar dei møter i den digitale kvardagen. Medietilsynet gjennomfører derfor jamleg ei stor undersøking om medievanane til barn og unge, både blant barn og foreldre. Basert på mellom anna resultat frå undersøkinga, utarbeider Medietilsynet undervisningsmateriell og råd både til barn og unge, skule og foreldre, til dømes om bruk av sosiale medium og deling av bilete. 

Kritisk medieforståing 

Desinformasjon, hatefulle ytringar og personvern er mellom utfordringane mediebrukarane møter i ein stadig meir kompleks mediekvardag. Medietilsynet undrersøker jamleg den kritiske medieforståinga i den norske befolkninga. Tema som blir kartlagde er mellom anna kunnskapen om – og evne til – kjeldekritikk, handtering av digital informasjon, personvern og evne til å skilje redaksjonelt innhald frå kommersielt innhald. Vidare utviklar Medietilsynet rettleiingsmateriell og gjennomfører informasjonskampanjar. 

Formidling 

Medietilsynet skal sørge for at styresmakter, samfunnsaktørar og publikum har tilgang til oppdatert og relevant kunnskap om områda tilsynet jobbar med, til dømes mediebruk, medieregulering, mediemangfald og kritisk medieforståing. Dette gjer Medietilsynet gjennom å publisere rapportar og undersøkingar, pressemeldingar og kronikkar, digitale kampanjar og postar i sosiale medium. Medietilsynet sender også ut nyheitsbrev kvar veke, og har sin eigen podkast, Den norske mediepodden, der aktuelle mediespørsmål blir diskuterte. 

 

Medietilsynet skal vere ein relevant, tydeleg og synleg samfunnsaktør.