1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet

Satsing på forskingsprogram på kultur- og mediefeltet

Kvinne på nettbrett. Foto: Kine Jensen/ Medietilsynet

Kulturdepartementet gir Noregs forskingsråd i oppdrag å etablere eit forskingsprogram om kulturfeltet og mediefeltet med oppstart i 2019. Departementet legg opp til ei årleg løyving på om lag 16 millionar kroner over fem år.

Programmet er ei vidareføring av KULMEDIA-programmet som blir gjennomført i perioden 2014-2018, og vil ha dei same hovudtema og mål som i denne perioden. Det er behov for forsking på konsekvensane av digitalisering og om endringar i dei økonomiske vilkåra og samfunnsrollane til kunst, kultur og media. Noregs forskingsråd har ansvar for den vidare utforminga og gjennomføringa av programmet.

– Kulturlivet og media står ovanfor store og samansette utfordringar. Relevant forsking av høg kvalitet er særs viktig i arbeidet med ein framtidsretta kultur- og mediepolitikk, men også for felta sjølve og for den allmenne debatten, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Forsking er langsiktig arbeid, og den vidare satsinga siktar mot å sikre tilfanget av relevant forsking med verdi for kultur- og mediefeltet. I tillegg er rekruttering og mobilisering til desse forskingsfelta eit viktig mål for satsinga.

Saka er henta frå Kulturdepartementets sider. Ta kontakt med dei om du har spørsmål.