1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2019

Nytt fra Medietilsynet

Geelmuyden Kiese blir ny samarbeidspartnar for Medietilsynet

Kommunikasjonspartnarar: Medietilsynet inngår rammeavtale med Geelmyuden Kiese. Her er teamet som skal jobbe saman. Øverst frå venstre Christoffer Lorang Dahl (GK), Geir Ove Harnes, (GK), Haakon Forren (GK), Kristine Meek, Rita Astridsdotter Brudalen (Medietilsynet), Pia Braathen (GK) – og foran: Eva Johnson og Nina Bjerke frå Medietilsynet

Medietilsynet har som mål å bli synlegare, tydelegare og styrkje den digitale kommunikasjonen. Kommunikasjonsbyrået Geelmuyden Kiese skal bidra til dette dei neste to åra.

Digitalt nærvær er nødvendig i ei digital medieverd

Mediemangfald og kritisk medieforståing er Medietilsynets to hovudsatsingsområde. – Vi ønsker å tilgjengeleggjere data, informasjon og kunnskap slik at både bransje, presse og befolkninga kan ta ha nytte av den, seier direktør for kommunikasjon og rådgiving Kristine Meek.

– I tillegg er informasjonstiltak og rettleiing knytte til mediebruk og mediemangfald ein del av samfunnsoppdraget til Medietilsynet, og vi ønskjer å vidareutvikle kommunikasjonen vår slik at den blir betre tilpassa ulike målgrupper og kanalar. Basert på liknande oppdrag og erfaring frå mediebransjen meiner vi Geelmuyden Kiese har dei beste føresetnadene for å styrkje dette arbeidet, seier Meek.

Mange byrå har vist interesse

15 byrå deltok i tilbodskonkurransen for rammeavtalen for kommunikasjon for Medietilsynet. Geelmuyden Kiese leverte eit tilbod med konkurransedyktige prisar og skilte seg ut positivt i forståinga si av Medietilsynets arbeid, rolle og samfunnsoppdrag. Avtalen blir inngått i fyrste omgang for to år.