1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2019

Nytt fra Medietilsynet

Medietilsynet bidreg til den nye dataspelstrategien

Trine Skei Grande og ein gamer på The Gathering i Vikingskipet i april. Foto Medietilsynet
Kulturminister Trine Skei Grande var ein av 7000 gjestar på The Gathering 2019. No skal ei arbeidsgruppe, inkludert Medietilsynet, bidra til den nye dataspelstrategien som blir lagd fram til hausten. Foto Medietilsynet

Kulturdepartementet ønsker at den nye dataspelstrategien skal sjå nærmare på blant anna rammevilkåra for spelbransjen og setje mål for spelpolitikken. Det er mogeleg å kome med innspel til strategien innan 6. mai.

Den nye dataspelstrategien skal gjelde for perioden 2020 – 2022, og skal vurdere statens ansvar og oppgåver for utvikling av spelsektoren. Ei arbeidsgruppe med representantar frå Kulturdepartementet, Norsk filminstitutt, Kulturtanken og Medietilsynet jobbar saman for å utvikle den nye strategien.

På årets store norske spelarrangement, The Gathering, hadde kulturministeren møte med ei brukargruppe beståande av 20 spelarar og arbeidsgruppa. Spelbransjen har også hatt møte om dataspelstrategien i april. I tillegg kan alle som ønskjer det, kome med innspel innan 6. mai. 

Etter at innspelsrunden er gjennomført vil arbeidsgruppa jobbe vidare med strategien fram til hausten, då den skal presenterast.

Her er nokre av spørsmåla Kulturdepartementet ønskjer innspel på:

  • Kva utfordringar og moglegheiter finst på spelfeltet på nasjonalt og regionalt nivå?
  • Kva må til for å sikre ein profesjonell og mangfaldig spelbransje i heile landet?
  • Korleis tilretteleggje for gode og klare rammevilkår?
  • Korleis styrke spel som kunst og kultur?
  • Korleis tilretteleggje for at ulike grupper i befolkninga skal ha tilgang til eit breitt og variert speltilbod?
  • Korleis stimulere til spel som møteplass, fellesskapsarena og sosiale nettverk?
  • Korleis styrke økonomien i spelbransjen og auke nivået på private investeringar?
  • Korleis realisere potensialet for sal av norske spel i Noreg og i utlandet?

For meir informasjon, ta kontakt Beate Våje, Medietilsynets representant i arbeidsgruppa