1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

380 millionar kroner i mediestøtte i fjor

Journalister i arbeid
Medietilsynet forvaltar fleire mediestøtteordningar. Den største ordninga er produksjonstilskottet, der Medietilsynet fordelte 313 millionar kroner til 157 nyheits- og aktualitetsmedium i 2018. Foto Medietilsynet

Medietilsynet fordelte i alt over 380 millionar kroner til ulike former for mediestøtte i 2018. Støtteordningane skal bidra til å sikre mediemangfaldet her i landet. Fredag legg kulturministeren fram ei ny stortingsmelding om mediestøtte.

– Vi er glad for at mediestøttemeldinga nå blir lagd fram, og ser fram til gode diskusjonar om korleis mediestøtta på best mogleg vis kan bidra til å sikre mediemangfaldet framover, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet. Kulturminister Trine Skei Grande presenterer meldinga på landsmøtet til Landslaget for lokalaviser (LLA) i Drammen fredag.

Produksjonstilskott er den største ordninga

Mediestøtteordningane som Medietilsynet forvaltar er produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium, tilskott til lokale radio- og tv-aktørar, innovasjonsstøtte, støtte til samiske aviser og distribusjonstilskott til avisene i Finnmark. Medietilsynet fordeler også støtte til medieforsking og etterutdanning.

Medietilsynet fordelte 313 millionar kroner i produksjonstilskott til 157 nyheits- og aktualitetsmedium i fjor. Aviser som får slikt tilskott er lokalaviser, vekeaviser og aviser som er alternativ til dei leiande dagsavisene, som for eksempel Klassekampen og Nationen. Produksjonstilskottet blei innført allereie i 1969 for å hindre at lokalavisene forsvann på same måte som i Danmark og Sverige. Målet er det same i dag; å stimulere til eit mangfald av medium. Tilskottet til den enkelte avisa blir berekna ved å sjå på tal på utgivingar, utgivingsfrekvens og opplagstal. Frå 2014 blei støtteordninga såkalla plattformuavhengig som betyr at både papir- og nettaviser kan få produksjonstilskott.

Frist for å søke produksjonstilskott i år er 5. april. Se meir informasjon her

Innovasjonsstøtte ble delt ut første gong i fjor

I fjor fordelte Medietilsynet midlar til innovasjon i media for første gong. Sju millionar kroner blei fordelte til 18 innovasjons- og utviklingsprosjekt etter at ordninga tredde i kraft 1. juli 2018. Målet med ordninga er å fremme mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium.

Samiske aviser fekk 28,1 millionar kroner i støtte frå Medietilsynet i fjor. Støtta skal legge til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet. Det meste av tilskottet blei fordelt mellom avisene Ságat og Avvir.

Aviser i Finnmark fekk distribusjonstilskott på 2,1 millionar kroner i fjor. Støtta blir fastsett ut frå mengda av dokumenterte distribuerte eksemplar og blir gitt fordi topografi, spreidd busetnad og klima gjer avisdistribusjon utfordrande i Finnmark.

Støtte til lokalkringkasting og kommersiell allmennkringkastar

Medietilsynet fordelte 19,5 millionar kroner til 90 lokale radio- og tv-aktørar i fjor. Omkring halvparten av midlane gjekk til å digitalisere lokalradio. Støtteordninga skal bidra til å understøtte mangfaldet og styrke den demokratiske funksjonen i samfunnet til dei lokale lyd- og bildemedia.

I tillegg til den direkte støtta media får gjennom mediestøtteordningane som Medietilsynet forvaltar, får avisene kvart år indirekte støtte i form av momsfritak. I 2018 er den samla verdien av momsfritaket berekna til 2,2 milliardar kroner. Denne ordninga er plattformnøytral.

Frå 2019 utbetaler Medietilsynet dessutan kompensasjon til TV 2 i tråd med avtalen om kommersiell allmennkringkasting. Kompensasjonen er på inntil 135 millionar kroner årleg over fem år.

Medieforskarar og journalistar i etterutdanning får også støtte

Nesten fire millionar kroner blei fordelte til praktisk medieforsking i fjor. Resultata av forskinga skal kunne nyttast i mediekvardagen, og det blir særleg lagt vekt på forsking på tvers av media.

Medietilsynet gav også 7,4 millionar kroner i støtte til etterutdanning i fjor, der litt over fem millionar kroner gjekk til Institutt for journalistikk og 610 000 kronar gjekk til kurs- og seminarverksemd i Landslaget for lokalaviser (LLA). I tillegg administrerer Medietilsynet litt over to millionar kroner i tilskott til Norsk Mediebarometer som er ei undersøking om medievanane i befolkninga. Undersøkinga blir gjennomført av Statistisk sentralbyrå.

Mediestøtte fordelt av Medietilsynet

Støtteordning 2018 (i millionar) 2019 (i millionar)
Kompensasjon til kommersiell allmennkringkastar   135 000
Produksjonstilskott 313 000 318 000
Innovasjonsstøtte 7 000 10 000
Tilskott til lokale radio- og tv-aktørar 19 500 19 870
Tilskott til samiske aviser 28 100 33 770
Distribusjonstilskott til avisene i Finnmark 2 135 2 190
Medieforsking og etterutdanning 11 330 11 780
Totalt 381 065 530 610

For meir informasjon, ta kontakt Nina Bjerke

  Abonner på nyheter (RSS)