1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Ny samisk avis får distribusjonstilskott i Finnmark

Ei ny avis får tilskott for å distribuere i Finnmark i 2019 - SÁMI magasiidna. Foto: Sami Magasiidna
Ei ny avis får tilskott for å distribuere i Finnmark i 2019 - SÁMI magasiidna. Foto: Sami Magasiidna

I tillegg til dei 12 Finnmarks-avisene som har fått distribusjonstilskott i tidlegare år, er det ei ny avis som får tilskott - SÁMI magasiidna.

13 aviser i Finnmark får tilsaman utbetalt 2 190 000 kroner i distribusjonstilskott for 2019. Den einskilde avisa får utrekna distribusjonstilskott ut frå kor mange aviseksemplar som blei distribuerte med post til abonnentar i 2018.

Topografi, spreidd busetnad og klima gjer avisdistribusjon kostnadskrevjande i Finnmark. Det er difor et eige distribusjonstilskott til aviser i dette fylket, som blir fordelt av Medietilsynet.

Aviser i Finnmark kan søke distribusjonstilskott i tillegg til produksjonstilskott.  Stønaden om distribusjonstilskott blir fastsett ut i frå mengda dokumenterte distribuerte aviseksemplar.

 

Distribusjonstilskott til aviser i Finnmark 2019

     
     

Altaposten

               80 441

 

Ávvir

             230 180

 

Finnmark Dagblad

             368 940

 

Finnmarken

             426 352

 

Finnmarksposten

               46 422

 

Hammerfestingen

               23 381

 

Kronstadposten

                 5 310

 

Kyst og Fjord

             102 871

 

Ruijan Kaiku

                 5 474

 

Ságat

             580 226

 

SÁMi magasiidna

               72 775

 

Sør-Varanger Avis

             180 563

 

Østhavet

               67 064

 

Totalt

          2 190 000

 

For meir informasjon, ta kontakt med Nina Bjerke

  Abonner på nyheter (RSS)