1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Medietilsynet i gang med å utvikle ny mediemangfaldsrekneskap

Rune Hetland, Bente Håvimb, Pål Lomeland, Emma Schiro, Lisbeth Morlandstø, Hallvard Moe, Magnus Reitan, Kristian Tolonen og Helle Sjøvaag (ikkje til stades) skal hjelpe direktør Mari Velsand og Medietilsynet med å utvikle eit nytt mediemangfaldsrekneskap. Foto Medietilsynet

Medietilsynet har starta arbeidet med å utvikle ei ny mediemangfaldsrekneskap som skal dokumentere og synleggjere utviklinga i det norske mediemangfaldet. Tilsynet har involvert ei gruppe fagpersonar, som nyleg hadde sitt første møte i dette arbeidet. – Målet er å ha klar første versjon av rekneskapen i slutten av 2019, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Eitt av Medietilsynets ansvarsområde er å bidra til å fremje mediemangfald.

– For å få til det på ein god måte, er det viktig for oss å ha relevant og aktuell informasjon om korleis mediemangfaldet i Noreg utviklar seg. Sett i lys av dei raske endringane vi ser i mediemarknaden, meiner vi det er viktig å følgje utviklinga i mediemangfaldet meir systematisk og jamleg. Det er bakgrunnen for at vi no har sett i gang eit arbeid som skal resultere i ein årleg mediemangfaldsrekneskap, seier Mari Velsand.

Mediemangfald langs tre aksar

Medietilsynet jobbar no med å kome fram til indikatorar som på best mogeleg måte kan dokumentere utviklinga i mediemangfald langs tre aksar: Sendarmangfald (informasjon om media og kven som eig dei), innhaldsmangfald (breidda i innhaldet som media formidlar) og bruksmangfald (kva innhald mediebrukarane konsumerer).

Dette er ei tilnærming til mediemangfald som Mediemangfaldsutvalet la til grunn og som vi meiner det er riktig å byggje vidare på. Så er det viktig at dei indikatorane vi vel er godt forankra, blant anna i mediebransjen og på forskarhald. Derfor er vi glade for å få innspel frå ei breitt samansett og fagleg sterk referansegruppe, seier Velsand.

Skal gi auka innsikt om mediebransjen

Grunndataa i mediemangfaldsrekneskapet vil etter kvart bli ope tilgjengeleg for alle, og Medietilsynet vil lage årlege rapportar om statusen for mediemangfaldet.
– Dette er eit stort arbeid som det vil ta tid å få på plass. Målet er å ha ein første versjon på plass mot slutten av året, som vi så vil jobbe med å utvikle vidare, seier Velsand.

I tillegg til å presentere ny innsikt, ønsker Medietilsynet etter kvart å invitere forskarar, bransjen og andre relevante aktørar til møte og debattar om ulike aspektar om mediemangfald.

Breitt samansett referansegruppe

• Referansegruppa er breitt samansett og representerer både bransjen, relevante institusjonar og forskingsmiljø:Lisbeth Morlandstø, medieforskar og professor i medievitskap ved Nord universitet
• Bente Håvimb, marknadsanalytikar i Mediebedriftenes Landsforening (MBL)
• Magnus Reitan, samfunnsøkonom i Konkurransetilsynet
• Emma Schiro, ansvarleg for Mediebarometeret i Statistisk sentralbyrå (SSB)
• Pål Lomeland, daglig leiar i Norsk lokalradioforbund
• Hallvard Moe, medieforskar og professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen
• Kristian Tolonen, analysesjef i NRK
• Rune Hetland, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser (LLA)
• Helle Sjøvaag, medieforskar og professor i journalistikk ved Universitetet i Stavanger (ikkje til stades da bildet ble tatt)

Ta kontakt med Kristine Meek for meir informasjon

  Abonner på nyheter (RSS)