1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Medietilsynet har fordelt støtte til lokalkringkasting: Halvparten går til å digitalisere lokalradio

Medietilsynet har fordelt 21 millionar kroner i støtte til lokale radio- og tv-kanalar, der halvparten går til å digitalisere lokalradio. – Den digitale overgangen er krevjande for lokalradioar med små ressursar, og det er framleis eit stort behov for å støtte overgangen til digitale sendingar, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Totalt fordeler Medietilsynet i år 21 millionar kroner på til saman 86 verksemder. Totalt kom det inn 394 søknader fordelte på 100 søkarar, og søknadsbeløpet var 61,4 millionar kroner.

– Eit sterkt lokalt radio- og tv-tilbod styrker mediemangfaldet, og denne støtteordninga skal bidra til å halde oppe dette tilbodet, seier Velsand.

For første gong kunne lokalradioane søke støtte til å digitalisere drifta

I år var det for første gong mogleg å søke om midlar til å digitalisere drifta av lokalradio. Medietilsynet gir i år til saman 4,6 millionar kroner til 48 lokalradioar for å lage digitale sendingar, mens 23 prosjekt får 5,9 millionar kroner til å bygge ut sendarnett for lokalradio.

I tillegg blir det gitt nesten 6,8 millionar kroner i støtte til 62 programproduksjonar, av desse er 44 radioprogram og 18 tv-program. Kompetansehevande tiltak og utviklingsprosjekt i radioar for etniske og språklege minoritetsgrupper får også støtte, og det blir gitt driftsstøtte til bransjeorganisasjonar.

Medietilsynet støttar fleire nyskapande og relevante lokalradio-prosjekt

Blant programproduksjonane som får støtte i år, er eit konsept hos NEA Radio om sakna personar i Trøndelag. Programmet liknar på «true crime»-sjangeren, og viser korleis ulike etatar arbeider i forsvinningssaker. Eit anna eksempel er programmet «Jeg vil egentlig ikke dø», der TV-Haugaland rettar søkelyset mot sjølvmord blant unge. Eit tredje eksempel er lokalradioane i Innlandet, som får støtte til å utvikle ein modell som skal gjere lokalradio i stand til å formidle trafikkmeldingar på lik linje med nasjonale aktørar.

Les meir om støtteordninga her

Her finn du ei oversikt over alle dei 86 støttemottakarane i 2021

  Abonner på nyheter (RSS)