1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2020

Nytt fra Medietilsynet

Ny behandling av støtte til samisk avis etter avgjerd i Medieklagenemnda

Mindretalet i Medieklagenemnda var einig med vurderinga Medietilsynet har gjort, mens fleirtalet meinte at gåveabonnement må kunne reknast som ein del av nettoopplaget til den samiske avisa Sámi Odasmagasiidna. Fotomontasje: Medietilsynet
Mindretalet i Medieklagenemnda var einig med vurderinga Medietilsynet har gjort, mens fleirtalet meinte at gåveabonnement må kunne reknast som ein del av nettoopplaget til den samiske avisa Sámi Odasmagasiidna. Fotomontasje: Medietilsynet

Fleirtalet i Medieklagenemnda har gitt ISAMI.Press AS medhald i klaga på avslag om støtte til den samiske avisa Sámi Odasmagasiidna. Medietilsynet meinte at gåveabonnement ikkje skulle telje med i opplaget til publikasjonen, og avslo derfor søknaden. – Vi tar til etterretning at fleirtalet i Medieklagenemnda har ei anna oppfatning, og gjer no ei ny opplagsberekning, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

I vurderinga si av søknaden om tilskott til samiske aviser for publikasjonen Sámi Odasmagasiidna la Medietilsynet til grunn at publikasjonen ikkje oppfylte minstekravet forskrifta stiller om eit minstekrav til godkjent nettoopplag på 750 eksemplar. Bakgrunnen var at 473 eksemplar var selde til bedrifter som hadde gitt avisa i julegåve til kundane sine, såkalla gåveabonnement.

– Medietilsynet meiner at verken forskrifta eller dei tilhøyrande retningslinjene gir høve til å rekne gåveabonnement med i nettoopplaget. Dersom eit så stort tal gåveabonnement skal telje med i nettoopplaget, vil det seie at det i realiteten blir stilt svært låge krav til ytterlegare sal av abonnement for at publikasjonen skal ha rett på støtte. I denne saka inneber ei godkjenning av gåveabonnement at publikasjonen kan få opp til cirka ni millionar kroner i tilskott. Medietilsynet vurderer det slik at det her blir eit urimeleg forhold mellom eigeninntektene til publikasjonen og statsstøtta, seier Velsand.

Søknaden må behandlast på nytt

Det blei klaga over vedtaket i Medietilsynet, og sidan Medietilsynet heldt ved lag vurderinga si, har Medieklagenemnda no behandla klaga. Der blei det dissens: Mindretalet var einig med vurderinga Medietilsynet har gjort, mens fleirtalet meinte at gåveabonnement må kunne reknast som ein del av nettoopplaget. Dermed må Medietilsynet behandle søknaden om støtte til den samiske avisa på nytt. 

– Vi registrerer at fleirtalet i nemnda ikkje har lagt vekt på at den samiske forskrifta ikkje inneheld mekanismar for å hindre urimelege utslag av gåveabonnement, slik dei andre mediestøtteordningane Medietilsynet forvaltar, gjer. Medietilsynet har ei anna oppfatning enn klagenemnda av korleis ein bør leggje vekt på formålet for tilskotsordninga når ein tolkar forskrifta, seier Velsand.

Medietilsynet støttar forskriftsendring

Avgjerda i Medieklagenemnda inneber at dei 473 gåveabonnementa det har vore tvist om, skal reknast med i opplaget når saka blir behandla på nytt, så sant det blir lagt fram adresselister som kan kontrollerast mot avismottakarane. Medietilsynet har no bede Norsk Opplagskontroll om ei ny opplagsberekning basert på føringane frå Medieklagenemnda.

Før sommaren sende Kulturdepartementet eit framlegg til nye reglar i forskrift om samiske aviser ut på høyring. Endringane som blir foreslått, skal bidra til at enkeltpublikasjonar ikkje skal kunne få eit uforholdsmessig høgt støttebeløp.

– Medietilsynet meiner det er positivt at departementet endrar forskrifta for å sikre eit rimeleg forhold mellom støtteintensitet og eigeninntekter, og støttar endringane som blir foreslått, seier Velsand.