1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2020

Nytt fra Medietilsynet

Ny mediestøttelov vedtatt i Stortinget

Formålet med den nye mediestøttelova er å legge til rette for eit mangfald av journalistiske redaktørstyrte medium over heile landet. Foto Medietilsynet
Formålet med den nye mediestøttelova er å legge til rette for eit mangfald av journalistiske redaktørstyrte medium over heile landet. Foto Medietilsynet

Den nye mediestøttelova er no endeleg vedtatt i Stortinget, og trer i kraft frå nyttår. Lova skal gjere dei økonomiske rammene for medieverksemdene meir føreseielege og forvaltninga av mediestøtta meir uavhengig. – Lovfesta uavhengigheit for Medietilsynet og Medieklagenemnda er eit godt grep for å sikre armlengds avstand mellom politiske myndigheiter og media, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Formålet med lova er å legge til rette for eit mangfald av journalistiske redaktørstyrte medium over heile landet.

Hovudpunkt i mediestøttelova

  • Regjeringa skal foreslå faste, langsiktige økonomiske rammer for NRK og for dei direkte tilskottsordningane for mediestøtte. Forslaget til styringssignal skal leggast fram for Stortinget kvart fjerde år, i ein budsjettproposisjon året etter stortingsval.
  • Lova stadfester uavhengigheit for Medietilsynet og Medieklagenemnda. Medietilsynet behandlar enkeltsaker om mediestøtte med Medieklagenemnda som klageinstans. Politiske myndigheiter kan ikkje instruere Medietilsynet eller Medieklagenemnda i enkeltsaker, og kan ikkje gjere om på vedtak tilsynet eller klagenemnda har gjort.
  • Lova fastset dei direkte mediestøttesordningane og deira samfunnsformål.

Regjeringa skal gi årleg status for norsk mediepolitikk

Stortinget har bedt regjeringa gi Stortinget ei årleg utgreiing om ytringsfridom og pressefridom, og om nå-situasjonen og måloppnåinga for norsk mediepolitikk.

– Utviklinga i mediebransjen går stadig raskare. Vi ser at ytrings- og pressefridom er under press mange stader, også i Europa. Medietilsynet helsar derfor ei slik årleg utgreiing velkommen, seier Velsand.

Les meir om den nye mediestøttelova på Stortingets sider