Europeiske mediereguleringer
Mediefridomsforordninga (EMFA)
Mediefridomsforordninga har som mål å styrkje mediefridommen og mediemangfaldet.
Redaktørstyrte medium har ei viktig demokratisk rolle, og eit mangfald av medium er ein grunnleggjande føresetnad for ytringsfridom og eit velfungerande demokrati. Bakgrunnen for forordninga er at sjølvstendet til pressa er under press i den indre marknaden, både frå statlege og private aktørar, under dette globale innhaldsplattformer.
Mediefridomsforordninga (European Media Freedom Act - EMFA) er ein del av EUs handlingsplan for demokrati. EMFA innfører plikter, tilrådingar og rettar for å verne om pressefridommen. EMFA gir plikter til nyheits- og aktualitetsmedium om å innføre tiltak for redaksjonell fridom, internettbaserte plattformer skal varsle medietenester når dei fjernar redaksjonelt innhald og allmennkringkastarars sjølvstende skal sikrast.
Krav om openheit
Tilsynsmaktene til medlemslanda skal rapportere om mediekonsentrasjonar som kan påverke mediemangfaldet og medias sjølvstende. Det blir stilt krav til openheit om medieeigarskap, og dessutan transparentkrav for annonsekjøp frå offentlege verksemder, inkludert statlege- og delstatlege selskap.
EMFA vil krevje at medlemsstatane respekterer redaktøransvaret hos medietenestene. Medlemsstatane, inkluderte reguleringsstyresmakter og organ, skal ikkje blande seg inn i, eller prøve å påverke redaksjonelle avgjerder.
Vidare skal medlemsstatane sikre effektivt vern av journalistiske kjelder. Forordninga forbyr mellom anna styresmakter frå å gå etter journalistar for å avsløre informasjon som kan identifisere kjeldene deira eller konfidensiell informasjon..Distribusjon av spionprogram på verktøy som blir brukt av medietenesta, overvaking av redaksjonelle medarbeidarar eller personar som på grunn av forholdet sitt til medietenesta eller redaksjonen kan ha informasjon som kan identifisere kjelder, er heller ikkje lov. Det finst nokre unntak frå forbodet, men det er berre i heilt særskilde tilfelle at unntak kan grunngivast.
EMFA er ei forordning, og vil i sin heilskap få lovs kraft i medlemslanda i EU. EMFA trer i kraft i Noreg når forordninga blir innlemma i EØS-avtalen.
Må sjåast i samanheng med DSA
Mediefridomsforordninga er innretta som ei prinsipiell regulering, og opnar for at medlemslanda kan vedta meir detaljerte eller strengare reglar for visse føresegner (til dømes reglar som skal sikre allmennkringkastarars sjølvstende, og vurdering av marknadskonsentrasjon som kan påverke redaksjonell fridom). Når det gjeld inngrep i pressefridommen på globale plattformer må EMFA sjåast i samspel med forordninga for digitale tenester (DSA), som har handhevingskraft dersom pressefridommen blir innskrenka.
Forordninga har ein tilhøyrande tilråding med ei ikkje-uttømmande liste over frivillige tiltak og strategiar. Tilrådinga er retta mot å fremje redaksjonell fridom og større openheit om eigarskap.