Etter kringkastingslova skal tv-stasjonar og tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester identifisere seg for sjåarane. Reglane lyder slik:

§ 2-16. ldentifikasjon av tilbydere av fjernsyn og audiovisuelle bestillingstjenester

Tilbydere av fjernsyn og audiovisuelle bestillingstjenester skal til enhver tid sørge for at seerne på en enkel
og direkte måte har tilgang til  opplysninger om:

a.    navn, gateadresse, postadresse, elektronisk postadresse og øvrige opplysninger 
som gjør det mulig å komme i direkte forbindelse med tjenesteyteren

b.    at tjenestetilbyderen er underlagt norsk jurisdiksjon og relevante reguleringsmyndigheter eller tilsynsorganer på det audiovisuelle området.    

Kongen kan gi nærmere forskrifter om kravene til identifikasjon.

Det er ikkje gitt forskrift med nærmare reglar om identifikasjon.

Denne rettleiaren gir uttrykk for korleis Medietilsynet forstår reglane, og gir eksempel på korleis tv­stasjonar og dei som tilbyr bestillingstenester kan følge reglane.

Bakgrunnen for reglane

Bakgrunnen for reglane om identifikasjon er at audiovisuelle medietenester er viktige for meiningsdanninga i samfunnet, og at sjåarane derfor må kunne identifisere kven som er ansvarleg for innhaldet i tenestene. Sjåarane skal og vite korleis dei kan ta kontakt med dei ulike tilbydarane av tenestene.

Krava til identifikasjon

Sjåarane skal alltid og på ein enkel og direkte måte ha tilgang til desse opplysningane om tilbydaren:

  • Namn
  • Gateadresse og postadresse
  • E-postadresse
  • Eventuelle andre opplysningar som gjer det mogleg å ta direkte kontakt 
  • At tenestetilbydaren er underlagt norsk jurisdiksjon
  • Namn på relevante reguleringsmyndigheiter eller tilsynsorgan. Norske tilbydarar må som eit minimum ta med at Medietilsynet er tilsynsorgan etter kringkastingslova.

Ein digital chat-funksjon der sjåarane kjem i direkte kontakt med tilbydaren, kan nyttast i tillegg til, 
men ikkje i staden for e-postadresse. Dersom det er eit telefonnummer for publikumskontakt, skal tilbydaren opplyse om dette nummeret.

Tilbydaren skal opplyse om jurisdiksjon slik at sjåarane blir kjende med at tilbydaren er underlagd norske lovar og norske domstolar.

Dei tilbydarane som ønsker det, kan sette inn logoen til Medietilsynet der dei skriv namnet på tilsynsorganet. Dei kan og lenke til nettstaden www.medietilsynet.no. Her finn du også logoen:

Medietilsynet logo

ldentifikasjonsopplysningane skal alltid vere tilgjengelege for sjåarane. Tilbydaren vil oppfylle dette kravet dersom han legg opplysningane på nettstaden sin. Når ein tilbydar, for eksempel eit mediehus, har fleire ulike medietenester som identifikasjonsreglane gjeld for, må opplysningane finnast både på den lokale og den sentrale nettstaden.

Sjåarane må kunne finne identifikasjonsopplysningane på ein enkel og direkte måte. Dette inneber at opplysningane må vere lett tilgjengelege, og det bør leggast vekt på at det skal vere intuitivt for sjåarane kor opplysningane er. For eksempel bør tilbydarane passe på at sjåarane må gjere så få  tastetrykk som mogleg for å finne opplysningane. Elles er det opp til den enkelte tenestetilbydaren korleis opplysningane skal gjerast tilgjengelege.

Eksempel

Slik kan du kontakte TV7

TV7

Medieselskapet 7000 AS

Gateadresse: Storgata 7, Trondheim

Postadresse: Postboks 7, 7007 Trondheim

Telefon for publikumskontakt: 70 00 70 00

E-postadresse for publikumskontakt: publikum@tvsiu.no

TV7 er underlagt norsk jurisdiksjon og skal følge reglene i kringkastingsloven. Tilsynsorgan for denne loven er Medietilsynet www.medietilsynet.no

Slik kan du kontakte Klikkavisa:

Klikkavisa

Klikk AS

Gate- og postadresse: Smalgangen 8, 8008 Bodø

E-postadresse: kontakt@klikkavisa.no    

Tilsynsorgan: Medietilsynet

Klikkavisa er underlagt norsk jurisdiksjon og skal følge reglene i kringkastingsloven.