1. Startsiden
  2. Digitale medier
  3. Barn og medier

Barn og medier

Slik må du merke videoar om du startar eigen Youtube-kanal

Bildet viser en mobilskjerm med Youtube. Foto Mostphotos

Videoar som norske youtubarar og vloggarar legg ut skal vere merka med ei aldersgrense. Når du aldersmerkar hjelper du til med å verne barn mot innhald som kan vere skremmande for dei. Videoane skal også vere merka dersom du mottek pengar for å reklamere for eit produkt.

Merking av Youtube-videoar

Du treng ikkje merke videoane dine med aldersgrenser dersom det berre er dine nærmaste venner og familie som har tilgang til kanalen din. Du treng heller ikkje å merke videoane med aldersgrenser hvis du ikkje har inntekter eller andre fordeler gjennom Youtube-kanalen din.

Inntekter kan vere pengar eller andre fordelar for å marknadsføre produkt eller tenester. Andre fordeler kan for eksempel vere at du får produkt, tenester eller reiser gratis. Då må du følge regelverket under Lov om kringkasting og audiovisuelle bestillingstenester. Vi har saman med Forbrukertilsynet også laget ein eigen rettleier for merking av Youtube-videoar:

Veileder til youtubere og videobloggere om merking av reklame

Aldersgrenser og informasjon

Aldersgrensene skal basere seg på retningslinjer for aldersklassifisering som Medietilsynet har laga. Dei same retningslinjene gjeld for aldersgrenser på kino, tv, nett-tv, DVD mv.

Aldersgrensene som skal brukast er A (Tillatt for alle), 6 år, 9 år, 12 år, 15 år eller 18 år. Sjåarane skal bli informerte om aldersgrensa før dei ser videoen.

Slik du bør tenkje

Ein tommelfingerregel kan vere at videoen kan få aldersgrense A (eller Tillatt for alle) dersom den har ei lett og hyggjeleg stemning, ikkje inneheld vald eller seksualitet forutan kyssing og vanleg nakenskap. Er videoen litt skummel eller har noko kraftige lyd/bilete-effektar, vil ofte 6 år vere ei riktig aldersgrense. For Fortnite-videoar som viser kamphandlingar vil gjerne 9 år vere rett aldersgrense, mens ei 12-årsgrense vil vere meir riktig for gamingvideoar som inneheld kampscener med grafisk blodsprut, f.eks. gameplay frå Player's. Unknown Battlegrounds (PUBG).

Bruk retningslinjene og hurtigguiden som rettleiing når du set aldersgrenser:

Retningslinjer: Aldersklassifisering av bildeprogram

Videoar som ikkje treng aldersgrense

Det finst unnatak frå plikta til å sette aldersgrense på YouTube-videoar. Blant anna treng du ikkje aldersmerke nyheits- og aktualitetsstoff, musikkstoff, overføringar frå sportsarrangement, instruksjonsvideoar om ulike hobbyar og direktestreaming. Får sjåarane tilgang til direktestreamen i opptak, må denne videoen være aldersmerka.

Dei som ikkje har noko form for inntekter frå videoane og ikkje har reklamefilmar føre eller i løpet av sine videoar, treng heller ikkje aldersmerke videoane sine.

Medietilsynet vil føre tilsyn med at reglane blir overhaldne, og vil gi råd og rettleiing om aldersvurderinga til dei som har behov for det. Ved lovbrot kan Medietilsynet gi sanksjonar som åtvaring, gebyr eller tvangsmulkt.

Slik aldersmerkar du videoar på Youtube

Aldersgrensa skal visast med ikon på thumbnail

Du kan bruke ikona Medietilsynet har laga, eller du kan bruke ditt eige ikon. Merkinga må vere heilt nøytral og godt synleg. 

Aldersgrenseikoner

Last ned aldersgrenseikoner med veiledning

 

Aldersgrense skal også visast skriftleg i øvre del av infoboks under kvar video (rett etter videskildring, før referanse til sosiale medium)

Du kan også leggje inn ei lekkje til Medietilsynets retningslinjer eller tilsynet si nettside med informasjon om aldersgrenser, men dette er ikkje eit krav.

Sjå eksempel på korleis du skal merke:

Eksempel på hvordan aldersmerking skal gjøres i Youtube-videoer

Illustrasjonen brukt med løyve frå NRK