1. Startsiden
  2. Mediestøtte

Mediestøtte

Støtte til samiske aviser

Støtteordninga skal legge til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet.

Medietilsynet administrerer og saksbehandlar støtteordninga ved å motta søknader, kartlegge kven som kvalifiserer til å motta støtte og vedtek kven som skal få støtte og kor mykje kvar enkelt søker skal få.

Du kan søke støtte kvart år. Årets søknadsfrist har gått ut.

Ny forskrift på høyring

Kultur- og likestillingsdepartementet har sendt på høyring forslag til ny forskrift om tilskott til samiske nyheits- og aktualitetsmedium.

Dagens tilskottsordning til samiske aviser omfattar berre aviser som blir gitt ut på papir. Den nye tilskottsordninga blir betre tilpassa den digitale mediekvardagen, og opnar for at også digitale medium kan få støtte.
Hovudendringane i forslaget til ny forskrift er knytt til kvalifikasjonskriterium og kriterium for fordeling og utrekning av tilskott til støttegodkjente medium.

Både norskspråklege og samiskspråklege aviser er omfatta av tilskottsordninga for samiske aviser. Dei samiskspråklege avisene speler ei viktig rolle for å bevare og utvikle dei samiske språka. Norskspråklege aviser retta mot den samiske befolkninga er viktige for den delen av den samiske befolkninga som ikkje meistrar det samiske skriftspråket.

Det blir føreslått at produksjonstilskottet til samiske nyheits- og aktualitetsmedium blir delt mellom to grupper av mottakarar: lågfrekvente og høgfrekvente medium. Dette sikrar at media som publiserer mykje og regelmessig redaksjonelt innhald, også får mest i tilskott.

Det blir også føreslått endringar som skal gi insentiv til at det blir produsert meir innhald på samiske språk. Dagens forskrift opnar berre for å få tilskott til avissider på lule- og sørsamisk. Etter den nye forskrifta kan det gjevast tilskott til eigenproduserte saker på dei samiske minoritetsspråka lulesamisk, sørsamisk, pitesamisk, umesamisk eller austsamisk/skoltesamisk. I tillegg er det foreslått ei ny tilskottsgruppe for tilskott til saker på nordsamisk.

På grunn av utvidinga til andre samiske språk, foreslår departementet å auke den maksimale ramma for tilskott til saker på samiske språk frå 4 til 8 pst. Det blir samtidig innført eit tilskottstak for saker på samiske språk på 1,5 million kroner for kvart medieselskap kvart år.

Her kan du lese meir om høyringa

Høyringsfristen er 26. august 2025.  

Last ned søknadsskjema her:

Søknadsskjema for samiske aviser - bokmål (PDF)

Søknadsskjema for samiske aviser - nynorsk (PDF)

Nyhets- og aktualitetssaker om støtte til samiske aviser

2023:

Samiske aviser kan søke om 40 millionar kroner

2022:

Samiske aviser kan søke om 39 millionar kroner

2021:

Samiske aviser kan søke om 36 millionar kroner

2020:

Medietilsynet skal fordele 34 millionar til samiske aviser