1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

16 nye aviser har søkt mediestøtte i år

Blant dei 16 nye søkjarane til produksjonstilskottet er Avisa Oslo, Resett, Document.no, iHarstad, Mitt Kongsvinger, Steinkjer24 og Filternyheter.no. – At det kjem så mange søknader frå nye aviser, viser både at det skjer mykje i avismarknaden, og at støtteordninga er viktig for mediemangfaldet, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Totalt 163 aviser har i år søkt om produksjonstilskott, som er den største mediestøtteordninga hos Medietilsynet. Tilsynet skal fordele nær 390 millionar kroner i produksjonstilskott i 2022.

Av dei 148 avisene som fekk støtte i fjor, fekk Klassekampen mest, følgd av Bergensavisen, Dagsavisen og Vårt Land.

Støtta går til aviser i små marknader og alternativ til dei leiande avisene

Ordninga er meint for medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og for medium som er eit alternativ til dei leiande media i større marknader. Pengane blir fordelte mellom lokalaviser, vekeaviser og nasjonale nisjeaviser (alternativ til dei leiande nasjonale dagsavisene).

Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Støtteordninga er plattformnøytral og likestiller papir og nettaviser.

Kva for aviser som får støtte, og kor mykje, blir klart til hausten

For å få produksjonstilskott må avisa oppfylle ei rekke kriterium. Publikasjonen må blant anna ha som hovudformål å formidle nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til allmenta, i tillegg til å ha eit breitt tilbod av nyheits-, aktualitets- og debattstoff frå ulike samfunnsområde.

– Medietilsynet skal no vurdere kvar enkelt søkjar opp mot dei ulike kriteria for å sjå om publikasjonen er kvalifisert til å få støtte, seier Sekkelsten.

Dersom Medietilsynet kjem til at søkjaren fyller dei andre krava, blir det gjort ei vurdering av om krava til innhald er oppfylte. Kva for aviser som får støtte, og kor mykje kvar enkelt avis får, blir først klart til hausten etter at Medietilsynet har behandla alle søknadene. Da har også Kultur- og likestillingsdepartementet fastsett tilskotsbeløp og tilskotssatsar.

Her er dei 16 nye søkarane til produksjonstilskottet:

Søker

Om avisa

IT Avisen

Nasjonal nettavis, eigd av Pollination Publishing

Avisa Oslo

Lokal nettavis, eigd av Amedia

Document.no

Nasjonal nettavis, i hovudsak eigd av Hans Rustad

Filter Nyheter

Nasjonal nettavis, eigd av Filter Media Norge

Flatangernytt

Lokal nettavis, eigd av Flatanger Media

iHarstad

Lokal nettavis, eigd av Amedia

iLevanger

Lokal nettavis, eigd av Trønder-Avisa

Mitt Kongsvinger

Lokal nettavis, eigd av Nye medier invest

Rana.no

Lokal nettavis, eigd av NU publishing og privatpersonar

Randaberg 24

Lokal nettavis, eigd av Øyposten

Resett

Nasjonal nettavis, eigd av Staff-Gruppen, Datum Invest, Glencoe og privatpersonar

Shifter.no

Nasjonal nettavis, eigd av Digitally, Nikolaisen Media, E24 og andre aksjonærar

Steinkjer24

Lokal nettavis, eigd av Polaris Media Midt-Norge

Totens Blad

Lokal nettavis, eigd av Mvl Media

TV Vest AS

Lokal tv-stasjon, eigd av privatpersonar og andre aksjonærar

VårtOslo as

Lokal nettavis, eigd av privatpersonar

Sjå liste over alle som har søkt produksjonstilskott her (pdf)

Sjå liste over alle som har søkt produksjonstilskott her (excel)

Her kan du lese meir om støtteordninga produksjonstilskott for nyheits- og aktualitetsmedium

Fakta om produksjonstilskottet

  • Medietilsynet fordeler produksjonstilskott kvart år. I år skal det fordelast om lag 390 millionar kroner. I 2021 ble det fordelt om lag 370 millionar kroner på 148 aviser.
  • Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet, og blei fordelt første gongen i 1969.
  • Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader. Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader.
  • Ordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser.
  • Når nye aviser søker støtte, vurderer Medietilsynet søkaren opp mot krava i forskrift om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier om blant anna innhald, utgåver/opplag og driftsøkonomi.

  Abonner på nyheter (RSS)