1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2022

Nytt fra Medietilsynet

Discovery får åtvaring etter eksponering av matbutikken Joker i 71 grader nord

Det er i utgangspunktet tillate med produktplassering i eit program som 71 grader nord kjendis. Her med årets deltakarar. Foto Matti Bernitz/Discovery
Det er i utgangspunktet tillate med produktplassering i eit program som 71 grader nord kjendis. Her med årets deltakarar. Foto Matti Bernitz/Discovery

Medietilsynet gir åtvaring til Discovery etter at matbutikken Joker blir eksponert unødig mykje i ein episode av 71 grader nord – Norges tøffeste kjendis.

– Det er i utgangspunktet tillate med produktplassering i eit program som 71 grader nord, men samtidig skal ikkje produktet få ei for framståande rolle. Det meiner vi Joker får, og derfor får Discovery sanksjon i form av ei åtvaring, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Formålet med reglane er at sjåarane ikkje skal utsetjast for eit unødig kommersielt press.

Medietilsynet meiner: – Meir som reklame enn produktplassering

I den aktuelle episoden har deltakarane fått 800 kroner å handle for, og dei skal handle i ein Jokerbutikk. I innslaget er det brukt framhevande teknikkar som vinkling, dveling og zooming på logoen til Joker, tilbodsplakatar og produkt.

Medietilsynet meiner presentasjonen av logoen, produkta og tilbodsplakatane til Joker står meir fram som eit reklameinnslag enn produktplassering. Etter Medietilsynets vurdering er det brukt verkemiddel som forstyrrar sjåaropplevinga og gjer at sjåarane blir utsette for eit unødig kommersielt trykk.

– Det er den totale eksponeringa av Joker som gjer at Medietilsynet meiner produktplasseringa ikkje er tillaten etter kringkastingsreglane, seier Sekkelsten.

Les meir om reglane for produktplassering på Medietilsynets nettside.