1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Fem millionar kroner til forsking på medier og dataspill

Bilde fra redaksjon. Noen sitter ved arbeidsplasser med tastatur og skjermer mens noen står rundt desken.
Illustrasjonsbilde fra redaksjon.

Medietilsynet opnar no for søknader om midlar til medierelaterte forskingsprosjekt.

Forskarar, journalistar, masterstudentar eller andre med gode forskingsprosjekt kan søke om midlar når Medietilsynet skal fordele 5,35 millionar kroner til medieforsking. Forskinga skal vere praktisk orientert og skal kunne brukast i mediekvardagen. 

Søknadsfristen er 30. oktober, og pengane blir fordelte på nyåret.

Forsking på mediemangfald og kritisk medieforståing er prioritert

Midlane går til forskings- og utviklingsarbeid knytt til media og mediebruk, og prosjekta skal ha både ein teoretisk og praktisk nytteverdi.

– Forsking innanfor mediemangfald, kritisk medieforståing og dataspel blir prioritert, seier avdelingsdirektør Hanne Sekkelsten i Medietilsynet.

Medietilsynet påpeikar at mediemangfald og kritisk medieforståing er viktig for eit velfungerande demokrati, og at det derfor er viktig med forsking på desse områda.

750 000 kroner er øyremerkt forsking på dataspeling

Av forskingsmidlane ein nå kan søke på, er 750 000 kroner øyremerkt forsking på dataspel. Det er på same nivå som i fjor, da beløpet blei nær dobla frå året før.

– Desse midla skal gi meir nyttig kunnskap om dataspill-feltet. I regjeringas handlingsplan mot speleproblem 2022-2025  fremheves blant annet jenter og dataspill, kva som påverkar utviklinga av spelproblematikk  og korleis styrkane til dataspeling kan brukast til at færre får speleproblem som felt å forske på, sier Sekkelsten.  

Søkarane kan forvente svar mot slutten av januar 2026.
Les meir om medieforsking på Medietilsynets nettsider.

  Abonner på nyheter (RSS)