1. Startsiden
  2. Mediestøtte

Mediestøtte

Støtte til medieforsking

Støtteordninga har eit klart mål om at forskinga skal vere praktisk orientert og skal kunne brukast i mediekvardagen.

okt
16
2023
Kl. 23:59

Neste søknadsfrist er 16. oktober 2023.

Medietilsynet skal fordele midlar til medieforsking med særleg vekt på forsking på tvers av media, og på tema som gjeld redaksjonelle, økonomiske og tekniske forhold.

Forskarar, journalister og andre med tilknytning til media kan søke om midlar til forskings- og utviklingsarbeid. Studentar som skriv masteroppgåve innan medieforsking kan også søke om stipend.

Mediemangfald er ein føresetnad for eit velfungerande demokrati, og dei redaktørstyrte journalistiske media er særlege viktige for den demokratiske infrastrukturen. Medielandskapet er i rask endring, og det er derfor viktig å følge utviklinga tett. Medietilsynet ønsker derfor søknader om midlar til forskingsprosjekt som kan bidra til auka innsikt om utviklingstrekk eller forhold ved det norske mediemangfaldet, og som kan supplere Medietilsynets innsikt og undersøkingar. 

Kritisk medieforståing handlar om den kunnskapen og dei ferdigheitane vi som mediebrukarar treng for å kunne ta gode, informerte val om medieinnhaldet vi konsumerer, lagar eller deler. I ein stadig meir fragmentert mediekvardag med enorm tilgang på innhald frå mange slags kjelder, blir det store stilt krav til den einskilde mediebrukar. Kritisk medieforståing er avgjerande også for folk si evne til å delta i den offentlege samtalen. Medietilsynet gjennomførde i 2019 for første gong ei stor befolkningsundersøking om kritisk medieforståing, og ei slik undersøking blir gjennomført annakvart år. Også på dette feltet ønsker Medietilsynet forskingsprosjekt velkomen. 

I tillegg kjem 400 000 kroner i forskningsmidler som er øremerkt dataspel. Disse midlane kjem frå Handlingsplan mot speleproblem.

Studiar om spelmekanismar i dataspel som kan likne på pengespel skal prioriterast, det vil seie spel i grenselandet mellom data- og pengespel. Problemstillingar relaterte til mekanismar, utbreiing og problemspel er særleg interessante. I tillegg skal studiar om speleproblem hos barn og unge med ikkje-vestleg bakgrunn prioriterast. 

Medietilsynet administrerer stønadordninga ved å motta søknader, kartlegg kven som kvalifiserer til å motta støtte og vedtek kven som skal få støtte og kor mykje kvar enkelt søkar skal få. Fagutvalet for medieforsking (tidlegare "Rådet for anvendt medieforskning"), vurderer søknadene som kjem inn, og utarbeider ei innstilling til Medietilsynet.

 

Miniatyr - skjema til tekst 60x60.png Logg på Min side og søk støtte til medieforsking
hus min side png sort 60x60.png Har du ikkje tilgang til Min side? Registrer deg her.

oransje strek 2 smalere.png

Tidligere nyhetssaker om støtte til medieforskning

2024

4,8 millionar til forsking på medium og dataspel

2023

Medietilsynet fordeler 4,6 millionar til forsking på medium og dataspel

2022:

Medietilsynet fordeler fire millioner kroner til forskning på medier og dataspill

Medietilsynet skal fordele 4,2 millioner til medieforskning

2021:

Medietilsynet foreslår nye støtteordningar

Medietilsynet fordeler over fire millionar kroner til medieforsking 

2020: 

Medietilsynet fordeler vel fire millioner kroner til medieforskning 

Medietilsynet fordeler fire millioner kroner til medieforskning 

2019: 

4,2 millionar til medieforsking i 2019 

1. oktober er frist for å søke midler til medieforskning og mastergradsstipend

2018: 

Ny studie: Mediene kunne gravd mer i Eirik Jensen-saken 

Erik Jensen-saken under lupen – funn presenteres på Nordiske mediedager 3. mai 

No kan du søke restmidlar for bruksretta medieforsking (RAM) 

Søknadsfrist for Medietilsynets midler til medieforskning utsatt til 8. oktober 

2017: 

Betalingsmur positivt for lokalavisene 

Nettavislesarar fryktar personalisering av nyheiter 

Dette skal de forske på i 2017 

Søk om RAM-midlar til medieforsking 

2016: 

Tildelte RAM-middel for 2016 

No kan du søkje midlar til bruksretta medieforsking 2016