1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Forbod mot radio- og tv-reklame to dagar i påska

Bilete frå inngangspartiet til Medietilsynets kontor. Medietilsynets logo i blått mot kvit bakgrunn på veggen. Ein grøn plante i hjørnet.

Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame langfredag og første påskedag. Mange av kringkastarane vel å gi bort reklameplassen til ideelle organisasjonar desse dagane.

Forbodet mot å sende reklame desse dagane gjeld berre for radio og tv. Formålet med regelen er at publikum ikkje skal bli utsett for kommersielle bodskapar gjennom tv og radio på høgtidsdagane, som i år er 3. og 5. april.

Det er fire dagar i året da det ikkje er tillaten å sende reklameinnslag på tv og i radio. To av dei er altså i påska, og dei to andre er første pinsedag og første juledag.

Dersom ein kringkastar bryt regelen, kan Medietilsynet gi sanksjonar i form av ei åtvaring, eit regelbrotsgebyr eller eit tidsavgrensa forbod mot å sende reklame.

– Kringkastarane overheld reklameforbodet på ein god måte. I løpet av dei siste tjue åra har det berre vore nokre få tilfelle der Medietilsynet har oppdaga brot på denne regelen, fortel Hanne Sekkelsten, direktør for juridiske og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

På Medietilsynets sider kan du lese meir om reklame, sponsing og produktplassering på tv og radio.

  Abonner på nyheter (RSS)