1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Influensarar følger reglane for reklamemerking på YouTube

17 norske influensarar på YouTube er nyleg blitt kontrollerte av Medietilsynet. Dei fleste følger reglane. – Mange barn og unge bruker YouTube, og det er derfor ekstra viktig at reklamen er tydeleg merkt, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Medietilsynets kontroll viser at dei aller fleste youtubarar tydeleg merker når dei reklamerer for produkt og tenester i videoane sine. Dei få brota Medietilsynet fann, handlar om at youtubaren hadde merkt reklamen med for lita skrift, eller at merkinga blei vist i for kort tid på skjermen.

– Heilt sidan 2018 har vi jobba for å sikre at sjåarane ikkje opplever skjult reklame på norske YouTube-kanalar. Sjølv om tal frå blant anna Kantar viser at YouTube-bruken til dei unge den siste tida har gått ned noko på kostnad av sosiale medium som TikTok og Snapchat, er det ingen tvil om at YouTube framleis er ein attraktiv stad for annonsørar. Det er derfor bra at norske youtubarar stort sett er svært ansvarsbevisste når det gjeld å merke videoar som inneheld reklame, seier Sekkelsten.

Merkinga av reklame styrker den kritiske medieforståinga vår

Youtubarar og andre influensarar får ofte betalt for å fremme ulike produkt eller tenester på kanalane sine, anten i form av pengar eller ulike produkt eller tenester. Det har dei lov til; føresetnaden er at reklamen er tydeleg merkt.

– Vi har rett til å få vite når nokon prøver å selje oss noko. Dersom reklamen er tydeleg merkt, får vi sjansen til å vere ekstra vakne og kritiske. Tydeleg merking styrker den kritiske medieforståinga vår, seier Sekkelsten.

På Medietilsynets nettsider får du råd om korleis du kan snakke med barna dine om påverknad og kommersielt innhald i sosiale medium.

All marknadsføring skal merkast skriftleg

Ifølge reglane om skjult marknadsføring skal alle videoar som inneheld marknadsføring, merkast skriftleg i sjølve videobildet med anten «reklame» eller «annonse». Brot på reglane i kringkastingslova kan føre til at youtubaren får eit brotsgebyr eller tidsavgrensa forbod mot å marknadsføre på YouTube-kanalen sin.

– Sidan brota i denne kontrollen stort sett dreier seg om skriftstorleik og om at merkinga varer i for kort tid, har vi denne gongen bestemt at slike reaksjonar ikkje skal takast i bruk. Vi rettleier i staden om kva for krav som er stilte til merkinga, i ei skriftleg tilbakemelding til kvar enkelt, seier Sekkelsten.

Desse blei kontrollerte hausten 2022

Kattekryp, Nellie, Emma Ellingsen, Herman Dahl, Hanna-Martine, Mina Jakobsen, Amalie Olsen, Isabelle Eriksen, Victoria Skau, Sara Høydahl, Eveline Karlsen, Kristine Bremnes, Andyax, Isabel Raad, Emilie Paulsen, Nordavinden og Lena Redmo.

  Abonner på nyheter (RSS)