1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2022

Nytt fra Medietilsynet

Ingen brot på reklamereglane i sendingane under årets vinter-OL

Medietilsynet har ført tilsyn med TVNorge under årets vinter-OL. Tydeleg merking av reklame og sponsing er viktig for at sjåarane skal klare å skilje mellom kommersielt og redaksjonelt innhald. Foto Medietilsynet
Medietilsynet har ført tilsyn med TVNorge under årets vinter-OL. Tydeleg merking av reklame og sponsing er viktig for at sjåarane skal klare å skilje mellom kommersielt og redaksjonelt innhald. Foto Medietilsynet

Medietilsynet fann ingen brot på reklame- og sponsereglane i tv-sendingane til TVNorge under årets vinter-OL i Beijing. – Vi fekk dessutan få meldingar frå publikum under desse leikane. Det kan tyde på at folk denne gongen var godt informerte om kvar øvingane blei sende, og korleis tv-sendingane blei presenterte, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Formålet med tilsynet var å sikre at TVNorge følgde reglane for reklame og sponsing i tv-program under OL. Kontrollen avdekte ingen brot på reglane.

Reglane er til for at sjåarane skal skilje mellom reklame og redaksjonelt innhald

TVNorge er etablert i Noreg og må derfor følge norske reklamereglar. Kanalane Eurosport Norge og Discovery+ er ikkje etablerte i Noreg, og Medietilsynet fører derfor ikkje tilsyn med desse kanalane.

 – Vi veit det kan vere krevjande å orientere seg i straumen av informasjon, nyheiter og reklame. For at sjåarane skal klare å skilje mellom kommersielt og redaksjonelt innhald, er det derfor viktig at det er tydeleg for sjåarane når programmet blir avbrote med reklame, seier Sekkelsten.

Slik merking gjer det mogleg for sjåarane å vere meir årvakne i møte med kommersielle bodskapar, som igjen kan vere med på å styrke den kritiske medieforståinga deira.

Dette er reklamereglane norske tv-kanalar må følge

  • Det kan ikkje visast meir enn tolv minutt reklame per time, og reklameavbrot skal ikkje plasserast slik at det i for stor grad går ut over sjåaropplevinga.
  • Reklamen kan sendast på delt skjerm i storhendingar som går føre seg utan opphald, slik at reklame og programinnhald kan visast samtidig når reklameinnslaget kjem. Reklamedelen av skjermen skal merkast tydeleg, slik at det ikkje er tvil om kva som er reklameinnslag, og kva som er den ordinære sendinga.
  • Dersom sendingane er sponsa, skal det opplysast om det. Normalt skjer det ved at det blir vist sponsorplakatar før og etter sendingane og i samband med reklameavbrot. Sponsorplakatar er ikkje det same som reklame og inngår ikkje i den maksimale reklametida på tolv minutt per time.

Les meir om dei norske reglane for tv-reklame på nettsidene til Medietilsynet