1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Langfredag og 1. påskedag er det forbode å sende reklame på tv og radio

Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame den 15. og 17. april i år, sidan det er forbode å sende reklame langfredag og 1. påskedag. Mange av kringkastarane vel å gi bort reklameplassen til ideelle organisasjonar desse dagane.

Det er ikkje berre i påska det er forbode å sende reklame på radio og tv. Også 1. juledag og 1. pinsedag er det forbode å sende vanleg reklame, ifølge kringkastingsforskrifta.

Regelen gjeld berre for radio og tv. Formålet er at publikum ikkje skal bli utsett for kommersielle bodskapar i desse media gjennom høgtidsdagane.

– Kringkastarane er som regel flinke til å følge reklameforbodet. Medietilsynet har berre funne brot på regelen ved eit par høve dei siste tjue åra, seier direktør for juridisk og regulatorisk avdeling Hanne Sekkelsten.

Dersom ein kringkastar bryt regelen, kan Medietilsynet gi sanksjonar i form av eit regelbrotsgebyr eller eit tidsavgrensa forbod mot å sende reklame. Medietilsynet kan også gi tvangsmulkt for å sikre at forbodet blir følgt.

På Medietilsynets sider kan du lese meir om forbodet mot å sende reklame dei fire dagane i året.

  Abonner på nyheter (RSS)