1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Lokale tv- og radiokanalar får over ni millionar i støtte

Fleire av programma til dei tv- og radiokanalane som får støtte, skal dekke ulike sider ved kommune- og fylkestingsvalet til hausten. Illustrasjonsfoto Ketil Blom / Medietilsynet
Fleire av programma til dei tv- og radiokanalane som får støtte, skal dekke ulike sider ved kommune- og fylkestingsvalet til hausten. Illustrasjonsfoto Ketil Blom / Medietilsynet

Ein del av støtta på 9,2 millionar kroner går til tv- og radioprogram som skal dekke ulike sider ved valet til hausten. – Støtta er med på å styrke det lokale demokratiet og mediemangfaldet rundt om i landet, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

I løpet av 2023 skal Medietilsynet fordele til saman litt over 22 millionar kroner til lokale kringkastarar. Tidlegare i år fekk lokalradioane 12,2 millionar i driftsstøtte frå tilskottsordninga til lokalkringkasting, som Medietilsynet forvaltar.

I denne runden går ein stor del av støtta til å styrke programtilbodet i lokalradio og lokal-tv. Medietilsynet gir støtte til 61 lokale programproduksjonar, 47 radioprogram og 14 lokal-tv-program, som til saman får 5,2 millionar kroner.

Fleire av programma som får støtte, skal dekke ulike sider ved kommune- og fylkestingsvalet til hausten. Eit eksempel er Radio Ålesund, som skal dekke valkampen på Sunnmøre med aktuelle nyheiter, debattar og meiningsmålingar.

Støtte til DAB-utbygging i område som ikkje har DAB

Medietilsynet tildeler også tre millionar kroner til å bygge ut lokale DAB-nett og éin million kroner i utviklingsstøtte til lokale tv- og radiostasjonar. Selskapet Fjordingen, som driv Radio Stryn og har eiga lokalavis, får støtte til DAB-utbygging i Stryn. Regionen er éi av to lokalregionblokker der det framleis ikkje er etablert DAB-sendarnett for lokalradio.

– Vi er glade for at befolkninga i denne regionen no får tilgang til lokalradio på DAB, seier Hanne Nistad Sekkelsten.

Sjå kva verksemder som får støtte i denne runden (pdf)

Sjå kva verksemder som får støtte i denne runden (excel)

Det blir mogleg å søke om støtte på nytt over sommaren

Over sommaren lyser Medietilsynet ut ein tredje runde for å søke om tilskott i år.

– Dette er støttemidlar som ikkje er brukte frå tidlegare år, som følge av at nokre prosjekt ikkje blir gjennomførte eller blir rimelegare enn antatt, seier Sekkelsten.

Les meir om tilskottsordninga for lokalkringkasting her.

Har du spørsmål om ordninga, ta kontakt med Jon Stjernstedt.

  Abonner på nyheter (RSS)