Tilskottsordninga har som hovudmål å bidra til mediemangfald, ytringsfridom og å styrke den demokratiske funksjonen dei lokala lyd- og biletmedia har i samfunnet.
Eit sterkt lokalt radio- og tv-tilbod styrker mediemangfaldet, og støtteordninga skal bidra til å oppretthalde dette tilbodet.
Den digitale overgangen er krevjande for lokalradioar med små ressursar, og det er framleis eit stort behov for å støtte overgangen til digitale sendingar.
Medietilsynet administrerer og saksbehandlar støtteordninga ved å motta søknader, kartlegg kven som kvalifiserer til å motta støtte og vedtek kven som skal få støtte og kor mykje kvar enkelt søkjer skal få.
Søknader om tilskott blir lagt fram for Fagutvalget for tilskott til lokale lyd- og bildemedium. Utvalet gir innstilling til Medietilsynet som fattar endeleg vedtak.
Lokalkringkastingskonsesjonærar og registrerte kringkastarar som hovudsakleg tilbyr innhald for eit lokalt publikum, kan søke om stønad. I tillegg er det ein søknadskategori for nasjonale bransjeorganisasjonar for lokale lyd- og biletmedium og ein for anleggskonsesjonærar i digitale lokalradionett.
Type stønad som kan bli tildelt:
Tilskot til investering og drift for digitalisering av lokalradio
Prosjekttilskot til lokale programproduksjonar
Prosjekttilskot til kompetansehevande tiltak
Prosjekttilskot til utviklingsprosjekt
Driftstilskot til nasjonale bransjeorganisasjonar for lokale lyd- og biletmedium
Driftstilskot til lokalradioar for etniske og språklege minoritetsgrupper
Neste søknadsfrist er 2. desember 2021. Søknadsskjema opnar 15. oktober. Stønaden blir tildelt ein gong i året.
Alle som søkar, kan vente svar på søknaden innan 31. mars.
Medietilsynet tek endeleg avgjerd om søknaden etter innstilling frå eit eige fagutval for ordninga: Fagutvalet for tilskott til lokale lyd- og bildemedium.
Søknaden blir vurdert etter faglege og økonomiske kriterium og stønaden blir gitt som eit rundsumtilskot, fastsette etter ei vurdering av kva som er eit rimeleg bidrag frå staten. Det er krav om minimum 20 prosent eigenfinansiering av prosjektet.
Det er mogeleg å klage på løyvinga. Før du sender inn ei eventuell klage, kan du be om ei utvida grunngiving for avgjerda. Dersom du vil klage, må klaga sendast inn seinast tre veker etter at du mottok den utvida grunngivinga frå oss.
Klaga blir behandla av Medietilsynet. Opprettheld vi vedtaket vårt, blir klaga send til Medieklagenemnda
for endeleg avgjerd. Klages sender du til

Tidligere nyhetssaker om tilskudd for lokale lyd- og bildemedier
Medietilsynet fordeler mediestøtte: Lokale radio- og tv-kanaler får 13 millioner for å digitalisere og lage nye program
2021:
Medietilsynet foreslår nye støtteordningar
Medietilsynet forlenger FM-konsesjonane for lokalradio med fem nye år
Medietilsynet har fordelt støtte til lokalkringkasting: Halvparten går til å digitalisere lokalradio
2020:
Medietilsynet fordeler over 20 millioner kroner til lokale radio- og tv-kanaler
Over 20 millioner kroner til lokalkringkasting
Kulturdepartementet foreslår regelendring: Lokalradioer kan få økt driftsstøtte til digitalisering