Nyhetssaker
Medietilsynet fordelar 24,5 millionar til innovasjon
Ein digital inngangsportal til informasjon og ein inkluderande multimedial valomat er blant tiltaka som får støtte når Medietilsynet tildeler årets innovasjonstilskott.
Medietilsynet fordeler 24,5 millionar kroner i innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. Av 58 søknadar får 38 prosjekt pengar frå støtteordninga.
– Målet med innovasjonsstøtta er å styrke det norske mediemangfaldet, og særleg fremme redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
I år går om lag tre av fire støttekroner, totalt nær 18 millionar kroner, til små, lokale medium.
– Innovasjonsstøtta skal hjelpe nettopp små og lokale medium til å digitalisere og fornye seg, seier Sekkelsten.
Store tilskott til samarbeidsprosjekt
Fleire mottakarar av store tilskott har søkt på vegner av samarbeidande aktørar. For eksempel desse prosjekta:
- Arbeidets Rett får, saman med fleire samarbeidande aviser, 2,8 millionar kroner til å utvikla ein felles digital inngangsportal til lokalavisene, som samlar informasjon frå offentlege etatar, næringsliv og frivillige organisasjonar på éin stad. Prosjektet blir utvikla i samarbeid med Landslaget for lokalaviser (LLA) og det er eit mål for prosjektet at satsinga skal komma alle aviser som er medlemmer av LLA til gode.
- Radio 102 får om lag 1,3 millionar kroner til samarbeidsprosjektet «Lyd inn i samarbeidsdesken». Målet for prosjektet er å gjera den allereie etablerte «Samarbeidsdesken» fleirmedial, slik at lokalradio kan bli med i samarbeidet. Ved å gjera lyd til ein viktig del av produksjonen ved Samarbeidsdesken, kan det redaksjonelle innhaldet som blir produsert også nyttast av lokalradio.
- Midsundingen får, i samarbeid med partnaraviser, 800 000 kroner til å laga ein inkluderande og multimedial valomat for lokalvalet 2027. Tiltaket skal gjera det enklare for innbyggjarane å forstå lokalpolitikken, og dermed enklare kunne delta i lokaldemokratiet.
- Radio Tønsberg får, i samarbeid med ei rekke lokalradioar, vel 1 million kroner til eit prosjekt der målet er å samle KI-verktøy og KI-agentar radioane har utvikla gjennom innovasjonsporsjekter i ei, felles nettbasert plattform, og opne denne for lokalradiobransjen.
Sjå heile lista over tilskotsmottakerar for 2026 her.
Fakta om innovasjonsstøtta:
- I 2026 får 38 prosjekt til saman 24 540 000 kroner i støtte til innovasjons- og utviklingstiltak.
- Støtteordninga tredde i kraft 1. juli 2018.
- Ordninga har som formål å fremme mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium.
- Ordninga er særleg retta mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.
- I ei revidering i 2025 blei ordninga opna opp, slik at ein bredare krets av medier enn tidlegare nå kan få tilskot. Etter endringa kan det gis tilskot til medier som faller inn under medieansvarslovens verkeområde. Mediet må ha ein ansvarleg redaktør som har slutta seg til allment aksepterte presseetiske standardar, og kan ikkje inneholde ei overvekt av underhaldnings-, livsstils- eller forbrukarstoff som er retta mot lesaren som privatperson.
- Prosjekt som handlar om digitalisering, prosjekt som rettar seg mot innvandrarar eller språklege minoritetar og prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar, blir prioritert.
- På grunn av forskriftsendringa vart tildelinga i 2025 lagd til slutten av året. I 2026 er tildelinga flytta nærare den originale utlysingsperioden, som har pleidd å vera i byrjinga av året. Det blir teke sikte på at utlysinga for 2027 igjen blir forskoven til tidlegare på året, med tildeling før sommaren.