1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Medietilsynet lyser ut forskingsmidlar

Fire millionar kroner ligg i potten når Medietilsynet no lyser ut pengar til medierelaterte forskingsprosjekt. – Prosjekt innanfor temaa mediemangfald, kritisk medieforståing og dataspel blir prioriterte i denne tildelinga, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Støtteordninga omfattar både forskingsprosjekt og mastergradsoppgåver med medierelaterte tema, og forskinga bør vere praktisk orientert. Det blir særleg lagt vekt på prosjekt der det blir forska på tvers av ulike medium og plattformer, og på tema knytte til redaksjonelle, økonomiske og tekniske forhold.

Vi prioriterer prosjekt om mediemangfald og kritisk medieforståing

Tilgang til eit mangfaldig medietilbod er eit sentralt mediepolitisk mål, og Medietilsynet ønsker søknader om midlar til forskingsprosjekt som kan bidra til auka innsikt i utviklingstrekk eller forhold ved det norske mediemangfaldet.

– Medielandskapet er i rask endring, ikkje minst med bakgrunn i konkurranse frå globale aktørar og den teknologiske utviklinga. Eksempel på område der det kan vere interessant å få meir kunnskap, kan vere korleis digitaliseringa påverkar mediemangfaldet, korleis mediebruk og nyheitskonsum endrar seg og korleis mangfald og ulike samfunnsgrupper er representerte i arbeidsstokken og innhaldstilbodet, sier Velsand.

Eit anna prioritert område når forskingsmidlane skal fordelast, er kritisk medieforståing.

– Dette handlar om kunnskap og dei ferdigheitene som vi mediebrukarar treng for å kunne ta gode, informerte val om medieinnhaldet vi konsumerer, lagar eller deler. Vi treng for eksempel meir innsikt i kva påverkingsmekanismar og risikofaktorar mediebrukarane blir eksponerte for, og som påverkar både medievanar og den offentlege samtalen, seier Velsand.

250 000 kroner er øyremerkte dataspel

Regjeringa har ein eigen handlingsplan mot speleproblem og har bestemt at 250 000 kroner skal gå til forsking om dataspel.

– Studiar om mekanismar i dataspel som kan likne på pengespel, det vil seie spel i grenselandet mellom data- og pengespel, skal prioriterast. Problemstillingar knytte til slike mekanismar, utbreiing og problemspel er særleg interessante. I tillegg skal studiar om speleproblem hos barn og unge med ikkje-vestleg bakgrunn prioriterast.

Forskingsmidlane blir fordelte neste år

Fristen for å søke er 28. oktober. Fagutvalet for medieforsking vurderer søknadene som kjem inn, og utarbeider ei innstilling til Medietilsynet. Medietilsynet avgjer kven som får støtte, og gjennomfører den endelege tildelinga innan utgangen av januar 2022.

For spørsmål om støtteordninga, ta kontakt med .

Gå til søknadsskjema og rettleiing

Les meir om medieforsking her

  Abonner på nyheter (RSS)