1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Medietilsynet skal fordele fire millionar kroner til medieforsking

Forsking på mediemangfald er viktig for eit velfungerande demokrati.

Medietilsynet opnar no for søknader om midlar til medierelaterte forskingsprosjekt.

Forskarar, journalistar, mastergradsstudentar eller andre med gode forskingsprosjekt kan søke om midlar når Medietilsynet skal fordele cirka 4,2 millionar kroner til medieforsking. Forskinga skal vere praktisk orientert og skal kunne brukast i mediekvardagen. Søknadsfristen er 16. oktober, og pengane blir fordelte på nyåret.

Forsking på mediemangfald og kritisk medieforståing er prioritert 

Midlane går til forskings- og utviklingsarbeid knytt til media og mediebruk, og prosjekta skal ha både ein teoretisk og praktisk nytteverdi.

– Forsking innanfor mediemangfald, kritisk medieforståing og dataspel blir prioritert, seier avdelingsdirektør Hanne Sekkelsten i Medietilsynet.

Medietilsynet påpeikar at mediemangfald og kritisk medieforståing er viktig for eit velfungerande demokrati, og at det derfor er viktig med forsking på desse områda.

400 000 kroner er øyremerkt forsking på dataspeling

Av forskingsmidlane som no blir kunngjort, er 400 000 kroner øyremerkt forsking på dataspel. Eitt av måla i regjeringas handlingsplan mot speleproblem 2022-2025 er å finne ut korleis styrkane til dataspeling kan brukast til at færre får speleproblem.

Søkarane kan forvente svar mot slutten av januar 2024.

Les meir om medieforsking på Medietilsynets nettsider

  Abonner på nyheter (RSS)