1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

Menneskerettsprisen går til journalistane bak prosjektet Politimakt mot barn

Menneskerettsprisen blei i dag delt ut av statssekretær Gry Haugsbakken på Pressens hus. Foto Kultur- og likestillingsdepartementet

Kulturdepartementets menneskerettspris 2022 går til eit graveteam i Stavanger Aftenblad og det omfattande journalistiske prosjektet deira kalla Politimakt mot barn. – Teamet har gjort eit imponerande prosjekt i kjernen av samfunnsoppdraget til pressa, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Prisen på 100 000 kroner og eit trykk av kunstnaren Cathrine Alice Liberg blei delt ut av statssekretær Gry Haugsbakken på Pressens hus i Oslo 3. november til Tove Bjørnå (journalist), Thomas Ergo (journalist), Tor-Arne Vikingstad (journalist), Øyvind Røysland (utviklar), Christine Andersen Johnsen (research), Hanne Undem (research) og Inga Sverdrup (design). Prisen blir delt ut kvart anna år til journalistar som i særleg grad har sett søkelyset på menneskerettsspørsmål i Noreg. Medietilsynet administrerer ordninga.

Artiklane er publiserte over ein periode på halvtanna år. Den første dokumentaren om Politimakt mot barn blei publisert i februar 2021. Arbeidet består av fleire dokumentarar, over 50 nyheitsartiklar, videoar, podkast m.m.

– Laget bak dette journalistiske prosjektet har gjennomført ei imponerande undersøking i kjernen av samfunnsoppdraget til pressa: å informere om det som skjer i samfunnet og avdekke kritikkverdige forhold. Å beskytte enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømmingar frå offentlege myndigheiter og institusjonar, private føretak eller andre. Juryen framhevar at gravearbeidet har skaffa til vege ein oversikt Sivilombudsmannen har etterlyst, men som myndigheitene til nå ikkje har vilja lage. Dermed demonstrerer teamet i Stavanger Aftenblad med Politimakt mot barn korleis undersøkande journalistikk kan vere avgjerande for å avdekke brot på grunnleggande menneskerettar, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen i ei pressemelding frå Kultur- og likestillingsdepartementet.

Les heile pressemeldinga til Kultur- og likestillingsdepartementet her

Juryen seier blant anna: «Årets prisvinner er et stjerneeksempel på hvor viktig undersøkende journalistikk kan være for å avdekke brudd på grunnleggende menneskerettigheter. Det er pressens oppgave å avdekke kritikkverdige forhold og å belyse når enkeltmennesker og grupper blir utsatt for overgrep eller forsømmelser fra offentlige myndigheter og institusjoner.  Årets prisvinnere har gått til selve kjernen i dette gjennom sin journalistikk. Fremtidige journalister på landets journalistutdanninger bør få presentert denne saken når de skal lære om den gravende journalistikkens viktige samfunnsfunksjon

Her er heile grunngjevinga til juryen

  Abonner på nyheter (RSS)