Nyhetssaker
Nær 25 millionar til innovasjonsprosjekt i media
Medietilsynet skal fordele 24 540 000 kroner i innovasjonsstøtte i 2026, og opnar nå for søknader.
Prosjekt som kan få støtte, kan for eksempel vere redaksjonell, innhaldsretta innovasjon eller prosjekt som stimulerer til deling og samarbeid.
– Innovasjonsstøtta skal gjere det lettare å digitalisere og drive innovasjon, særleg for små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, seier Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
I fordelinga av midlar vil Medietilsynet prioritere lokale samarbeidstiltak som gjer at midlane kjem flest mogleg til nytte, tiltak som gjer at avisene blir mindre avhengige av papir, og prosjekt frå aviser som har ein stor del av økonomien knytt til papirutgiving, og som har ein stor del av papiropplaget distribuert utanfor tett busette område.
Vidare prioriterer Medietilsynet prosjekt som omhandlar digitalisering, prosjekt som rettar seg mot innvandrarar eller språklege minoritetar og prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar.
Ny forskrift i fjor – fleire kan få
I 2025 vedtok Kultur- og likestillingsdepartementet endringar i forskrifta for innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. Endringane opnar for at fleire typar medium kan søke støtte.
Tidlegare måtte media oppfylle ei rekke innhaldsvilkår. Dei generelle vilkåra i forskrifta blir nå knytte opp mot verkeområdet til medieansvarslova, noko som gjer at ein breiare krets av medium enn tidlegare kvalifiserer til å få tilskott.
– Dette betyr for eksempel at fleire medium med fag- og djupnejournalistikk kan få innovasjons- og utviklingstilskott, seier Sekkelsten.
Søknadsfristen er 11. juni. Medietilsynet tar sikte på å behandle ferdig søknadene hausten 2026.
Det er viktig at alle søkarane lastar opp dokumentasjonen dei blir bedde om innan fristen.
Har du spørsmål om innovasjonsstøtta, kan ta du ta kontakt med Lina Dahle på eposten mediestotte@medietilsynet.no.
Fakta om innovasjonsstøtta:
- Støtteordninga tredde i kraft 1. juli 2018.
- Ordninga skal fremme mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium.
- Prosjekter i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium skal prioriterast.
- Etter ei revidering i 2025 er det færre krav til innhald, slik at fleire kan kome inn i ordninga.
- Prosjekt som omhandlar digitalisering, prosjekt som rettar seg mot innvandrarar eller språklege minoritetar og prosjekt som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsettingar, blir prioriterte.
- Det gjer óg lokale samarbeidstiltak som gjer at midlane kjem flest mogleg til nytte, tiltak som gjer at avisene blir mindre avhengige av papir og prosjekt frå aviser som har ein stor del av økonomien knytt til papirutgiving, og som har ein stor del av papiropplaget distribuert utanfor tett busette område.