1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyheitsarkiv
  4. Aktuelt 2022

Nytt fra Medietilsynet

No kan du søke Medietilsynet for å bygge ut anlegg for DAB-sendingar i Fjordane

Medietilsynet har fått søknad om anleggskonsesjon for digital lokalradio i Fjordane. Interessentar som ønsker å sende inn konkurrerande søknad, må gjere det innan 28. mars 2022. Foto Medietilsynet
Medietilsynet har fått søknad om anleggskonsesjon for digital lokalradio i Fjordane. Interessentar som ønsker å sende inn konkurrerande søknad, må gjere det innan 28. mars 2022. Foto Medietilsynet

Medietilsynet har fått søknad om anleggskonsesjon for digital lokalradio i Fjordane (region 22 i Lokalradioblokka). Interessentar som ønsker å sende inn konkurrerande søknad, må gjere det innan 28. mars 2022.

Dersom det kjem inn fleire søknader, kan tildelinga bli avgjord ved auksjon. Dersom Medietilsynet ikkje får konkurrerande søknader innan fristen, kan anleggskonsesjonen for region 22 Fjordane i Lokalradioblokka bli tildelt søkaren. Konsesjonen varer til 31. desember 2031.

Slik søker du anleggskonsesjon

Søknaden om anleggskonsesjon skal vere skriftleg. Om du bruker e-post, må du skanne vedlegga og legge dei ved som PDF-filer. Søknaden må innehalde informasjon om:

  • namnet, adressa og organisasjonsnummeret til søkaren
  • kontaktperson (namn, telefonnummer og e-post)
  • eigenerklæring som viser relevant teknisk kompetanse til å opprette og drifte sendaranlegg
  • firmaattest

Søknaden må vere underskriven av den eller dei som har fullmakt til å binde selskapet i samsvar med firmaattesten. Søknadsfristen er 28. mars 2022.

Merk søknaden med «Anleggskonsesjon – Lokalradioblokka», og send han til post@medietilsynet.no, eller til Medietilsynet, Att: Lokalradioblokka, Nygata 4, 1607 Fredrikstad.

Hugs å søke om frekvensløyve

For å kunne bruke konsesjonen til å distribuere kringkasting er det, i tillegg til anleggskonsesjon, eit krav om frekvensløyve. Send søknaden til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom). Sjå informasjon og rettleiing på Nkom sine sider.

Sjå også sak om denne utlysinga på Nkom sine sider

Dersom søknader inneheld forretningsløyndommar, skal desse opplysningane haldast utanfor offentleg innsyn, jf. reglane i offentleglova og forvaltningslova. Også identiteten til føretak som søker, vil etter ei nærare vurdering kunne haldast utanfor offentleg innsyn. Dersom ein søkar meiner det er grunnlag for å halde opplysningar utanfor offentleg innsyn, må søkaren gjere Medietilsynet merksam på dette.

Les meir om korleis du startar og driftar radio i Noreg på Medietilsynets nettsider.