1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

TV 2 oppfylte alle krava som kommersiell allmennkringkastar i 2025

TV 2-logo på innendørs vegg. To-tallet i eik med opplyst bakgrunn mot mørkt malt vegg.
TV 2 oppfylte krava som kommersiell allmennkringkastar i fjor.

TV 2 løyste oppdraget som kommersiell allmennkringkastar i 2025 i tråd med krava, viser tilsynsrapporten frå Medietilsynet. Kanalen får full kompensasjon frå staten for sitt allmennkringkastaroppdrag dette året.

Avtalen om kommersiell allmennkringkasting omfattar blant anna krav om at TV 2 skal ha eigenproduserte daglege, riksdekkande nyheitsprogram med base i ein sentral nyheitsredaksjon utanfor Oslo, norskspråklege program for barn og unge og førstegongsvisning av norsk film og tv-drama.

Medietilsynet konkluderer med at TV 2 leverte godt på allmennkringkastaroppdraget i 2025, som året før.

– Gjennom å oppfylle samfunnsoppdraget som følger av avtalen med staten, bidrar TV 2 til å nå dei mediepolitiske måla for kommersiell allmennkringkasting og styrke det norske mediemangfaldet, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Nærvær landet rundt og norskspråkleg innhald

TV 2 har hovudredaksjonen og den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen, og sikrar i tråd med avtalen eit sterkt nærvær og eigen nyheitsredaksjon utanfor hovudstaden. 

Tilsynet viser at TV 2  hadde redaksjonelt nærvær i seks ulike fylker i Noreg i 2025, i tillegg til hovudredaksjonen i Vestland og redaksjonen i Oslo. Kravet om redaksjonelt nærvær i distrikta kom inn i avtalen frå 2024, og skal bidra til å styrke den kommersielle allmennkringkastarens nyheitsdekning frå heile Noreg. 

TV 2 oppfylte også krava om norskspråklege program for barn og unge i 2025. Tilbodet til barn er styrkt i inneverande avtaleperiode gjennom krav til daglege sendingar, der kravet tidlegare var sendingar i helger og høgtider. 

TV 2 sendte i 2025 nye produksjonar av norsk film og tv-drama på hovudkanalen TV 2 direkte, og oppfylte kravet om å investere gjennomsnittleg 60 millionar kroner årleg i slike produksjonar.

– At dei norske allmennkringkastarane fremmar norskprodusert innhald som reflekterer norsk historie, kultur og samfunnsforhold, blir stadig viktigare i ein globalisert film- og strøymemarknad, seier Mari Velsand.

TV 2 får 150 millionar kroner i kompensasjon

Medietilsynet vurderer at TV 2 har etterlevd retningslinjene for det rekneskapsmessige skiljet mellom allmennkringkastingsverksemda og den andre delen av verksemda i 2025.

Allmennkringkastingsverksemda medførte ein netto meirkostnad på 176 millionar kroner inkludert ti prosent driftsmargin i 2025. Dermed blir TV 2s kompensasjon for allmennkringkastaroppdraget det maksimale beløpet på 150 millionar kroner.

Les heile rapporten her.

Hovudkonklusjonar frå tilsynet med TV 2 for 2025:

  • TV 2 hadde daglege nyheitssendingar frå den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen. Med 157,7 redaksjonelle årsverk og 337,9 millionar kroner i redaksjonelle kostnader til nyheitssendingane på hovudkanalen TV 2 Direkte oppfyller TV 2 forpliktingane med god margin. 
  • TV 2 oppfylte krava til å sende eit dagleg norskspråkleg tilbod til barn og om å bruke minst 10 millionar kroner årleg på dette tilbodet.
  • TV 2 oppfylte krava om eit norskspråkleg tilbod til unge i alderen frå 13 til 19 år ved å sende minst éin serie med minimum seks episodar årleg og om å bruke minst 5 millionar kroner årleg på dette tilbodet. 
  • TV 2 formidla førstegongsvisningar av norsk film og tv-drama og innfridde med god margin kravet om eit årleg gjennomsnitt på 60 millionar kroner til innkjøp av produksjonar. 
  • TV 2 oppfylte krava om å formidle allmennkringkastingsinnhaldet lineært på hovudkanalen TV 2 Direkte og ikkje-lineært i TV 2 Play. TV 2 oppfylte også kravet om å vere tilgjengeleg i distribusjonsnett som kan bli tatt imot av minst 95 prosent av alle husstandane i Noreg (teknisk dekning). 
  • TV 2 oppfylte krava til lokalisering av hovudredaksjonen og den sentrale nyheitsredaksjonen i Bergen. TV 2 hadde distriktskontor i dei seks byane Bodø, Hamar, Stavanger, Tromsø, Trondheim og Ålesund, og oppfylte kravet om å ha redaksjonelt nærvær i minst seks ulike fylker i tillegg til Vestland og Oslo. 
  • Med 65 prosent norskspråklege program på hovudkanalen oppfylte TV 2 med god margin kravet om at norskspråklege program skal utgjere minst 50 prosent av sendetida. TV 2 hadde ei rekke nynorsktalande nyheitsanker og reporterar i 2025 og oppfylte kravet om å bruke begge dei offisielle målformene. 
  • TV 2 oppfylte krava om breidde i tema og sjangrar. I 2025 valde TV 2 å dekke dei fem kategoriane samfunns-/informasjonsprogram, sport, dokumentarprogram, underhaldning og natur og vitskap, og alle krava til hyppigheit og omfang er oppfylte. TV 2 hadde også ei breidde i sjangrar, både når det gjeld samansetninga av programkategoriar og innanfor kvar enkelt programkategori.

  Abonner på nyheter (RSS)