1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Fagutvalg og klagenemnder

Fagutvalg og klagenemnder

Fagutvalet for innovasjon- og utviklingstilskott

Fagutvalet skal vurdere søknadane og kome med ei innstilling før Medietilsynet avgjer kva for prosjekt som får tilskott.

Fagutvalet skal vurdere søknadene og kome med ei innstilling før Medietilsynet avgjer kva for prosjekt som får tilskott. 

Utvalets leiar er Geir Terje Ruud, konsulent, Ruud & Company

Medlemmene elles: 

  • Mona Solvoll, førsteamanuensis, Kristiania
  • Hilde Dypaune, bedriftsrådgiver
  • Pål Lomeland, daglig leder i Norsk Lokalradioforbund

Varamedlemmer:

  • Eivor Jerpåsen, direktør innholdsutvikling, Amedia
  • Magne Kydland, kommunikasjonssjef Helse Fonna HF
  • Merethe Lillesand, spesialkonsulent, Vestland fylkeskommune

Sekretær for fagutvalet er Heidi Schau-Hvatum i Medietilsynet. Ta kontakt på mediestotte@medietilsynet.no om du har spørsmål.

Det er viktig at dei som behandlar søknadene er habile. Medietilsynet har derfor fastsett desse habilitetsreglane.

Vedtekter for Fagutvalet for innovasjons- og utviklingstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium (fagutvalet)  

 § 1 – Fagutvalet 

Fagutvalet er eit rådgivande organ for Medietilsynet ved behandlinga av søknader om tilskott etter forskrift om innovasjons- og utviklingstilskott. Medietilsynet nemner opp medlemmer til utvalet for ein periode på tre år. 

 § 2 – Oppgåvene og ansvaret til utvalet  

Utvalet skal utarbeide forslag til fordeling av innovasjons- og utviklingstilskott innanfor dei økonomiske rammene for ordninga, med utgangspunkt i søknader som er komne inn innan søknadsfristen. Tilskotta skal fordelast i tråd med formåla i forskrifta, tildelingsbrevet frå Kulturdepartementet til Medietilsynet og eventuelle andre føringar frå Kulturdepartementet eller Medietilsynet. Forslaget skal innehalde ei konkret vurdering av kvar enkelt søknad, forslag til kva for søknader som bør bli innvilga eller avslått, og tilrådd støttebeløp til dei søknadene som er foreslått innvilga.  

§ 3 – Saksbehandling  

Medietilsynet er sekretariat for utvalet, og førebur sakene for utvalet og utarbeider protokoll frå møte i utvalet. Søknader skal behandlast i det elektroniske saksbehandlingssystemet til Medietilsynet. Leiaren og nestleiaren i utvalet utarbeider eit forslag til fordeling, som deretter blir behandla av eit samla utval. Fagutvalet utarbeider ei innstilling til Medietilsynet om korleis midlane skal fordelast. Medietilsynet gjer vedtak om tildeling og avslag på søknad om tilskott.  

§ 4 – Stemmegiving 

Berre faste medlemmer har stemmerett. Ved stemmelikskap tel stemma til leiaren dobbelt. Varamedlemmer har stemmerett når dei trer inn for medlemmer som er fråverande eller inhabile. 

§ 5 – Habilitet 

Forvaltningslova § 6 om habilitet gjeld for medlemmene/varamedlemmene i utvalet. I tillegg gjeld Medietilsynets eigne habilitetsreglar for utval/råd (habilitetsreglar).  

Kvar enkelt medlem skal snarast mogleg og før saksbehandlinga tar til, melde frå til utvalsleiaren og Medietilsynet om kva forhold som kan gjere vedkommande inhabil, og kva sak(er) det gjeld. Medlemmer som er usikre på om dei er habile, kan rådføre seg med Medietilsynet. Medietilsynet avgjer i samråd med utvalsleiaren om medlemmen er habil. Ved inhabilitet kallar Medietilsynet inn ein varamedlem, som trer inn i staden for medlemmen når den aktuelle søknaden blir behandla.  

Spørsmål om habilitet blir også tatt opp på tildelingsmøtet, før vurderinga av søknadene startar.  

Dersom ein medlem er inhabil, skal medlemmen tre ut av møtet mens den aktuelle saka blir vurdert.   

Det skal førast i protokollen frå møtet kva medlem som var inhabil, og kva søknad vedkommande ikkje tok del i vurderinga av. 

§ 6 – Iverksetting  

Vedtektene gjeld for behandling av søknader om tilskott frå og med 2022.  

Vedtektene er fastsette av Medietilsynet 15.09.2021.