1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Fagutvalg og klagenemnder

Fagutvalg og klagenemnder

Fagutvalet for tilskott til lokale lyd- og bildemedium

Fagutvalet behandlar innkomne søknader og gir Medietilsynet råd om kven som skal få tilskott.

Fagutvalet 2022 –2026

Medlemmer:

Azka Baig, utvalsleiar (frilansar)

Per Erling Fjeld, varamedlem (Lyse)

Håvard Sørli, medlem (Nord universitet)

Jill Bottolfsen, medlem (Dinner In The Sky)

Bjarne Andre Myklebust, medlem (NRK)

Petter Hox, medlem (pensjonist, tidligere NRK)

Jon Stjernstedt frå Medietilsynet er sekretær for utvalet. Ta kontakt på mediestotte@medietilsynet.no om du har spørsmål.

Vedtekter for Fagutvalet for tilskott til lyd- og bildemedium (fagutvalet)   

  § 1 – Fagutvalet 

Fagutvalet er eit rådgivande organ for Medietilsynet i behandlinga av søknader om tilskott etter forskrift om tilskudd til lyd- og bildemedier 

Medietilsynet nemner opp medlemmer til utvalet for ein periode på fire år.  

 § 2 – Oppgåvene og ansvaret til utvalet

Utvalet skal utarbeide forslag til korleis tilskott til lokale lyd- og bildemedium skal fordelast, med utgangspunkt i søknader som er komne inn innan fristen og innanfor dei økonomiske rammene som gjeld for ordninga. Fordelinga skal skje i tråd med formåla i forskrifta, tildelingsbrevet til Medietilsynet frå Kulturdepartementet og eventuelle andre føringar frå Kulturdepartementet eller Medietilsynet. Forslaget skal innehalde ei konkret vurdering av kvar enkelt søknad, forslag om kva for søknader ein bør innvilge og avslå, og tilrådd støttebeløp til dei søknadene som fagutvalet foreslår å innvilge.

§ 3 – Saksbehandling 

Medietilsynet er sekretariat for utvalet, og førebur sakene for utvalet og utarbeider protokoll frå møte i utvalet. Søknader skal behandlast i det elektroniske saksbehandlingssystemet til Medietilsynet. Utvalet utarbeider ei samla innstilling til Medietilsynet om korleis midlane skal fordelast. Medietilsynet gjer vedtak om tildeling og avslag på søknadene. 

§ 4 – Stemmegiving 

Berre faste utvalsmedlemmer har stemmerett. Ved stemmelikskap tel stemma til leiaren dobbelt. Varamedlemmer har stemmerett når dei trer inn for medlemmer som er fråverande eller inhabile. 

§ 5 – Habilitet  

Forvaltningslova § 6 om habilitet gjeld for medlemmene/varamedlemmene i utvalet. I tillegg gjeld Medietilsynets eigne habilitetsreglar for utval/råd.

Kvar enkelt medlem skal snarast mogleg og før saksbehandlinga tar til, melde frå til utvalsleiaren og Medietilsynet om kva forhold som kan gjere vedkommande inhabil, og kva sak(er) det gjeld. Medlemmer som er usikre på om dei er habile, kan rådføre seg med Medietilsynet. Medietilsynet avgjer i samråd med utvalsleiaren om medlemmen er habil. Ved inhabilitet kallar Medietilsynet inn ein varamedlem, som trer inn i staden for medlemmen når den aktuelle søknaden blir behandla.  

Spørsmål om habilitet blir også tatt opp på tildelingsmøtet, før vurderinga av søknadene startar.

Dersom ein medlem er inhabil, skal medlemmen tre ut av møtet mens den aktuelle saka blir vurdert.

Det skal førast i protokollen frå møtet kva medlem som var inhabil, og kva søknad vedkommande ikkje tok del i vurderinga av.

 § 6 – Iverksetting

Vedtektene gjeld for behandling av søknader om tilskott frå og med tilskottsåret 2022.  
Vedtektene er fastsette av Medietilsynet 24.09.2021.