1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Fagutvalg og klagenemnder

Fagutvalg og klagenemnder

Fagutvalet for medieforsking

Fagutvalet utarbeider ei innstilling til Medietilsynet som tar den endelege avgjerda om avslag og tildelingar. Innstillingsmøtet i fagutvalet blir normalt halde i slutten av november / tidleg desember kvart år. Det endelege vedtaket frå Medietilsynet kjem det påfølgande året.

Rådet for bruksretta medieforskning blei oppretta i 1976 og har dette mandatet:

"Rådet skal fordele midler til anvendt medieforskning med særlig vekt på forskning på tvers av mediene. Rådet skal herunder fordele midler til forskning som gjelder redaksjonelle, økonomiske og tekniske forhold, og utviklingsarbeid som kan komme praktisk presse- og annen medievirksomhet til gode."

Kulturdepartementet gav følgande mandat i tildelingsbrevet for 2023:

  • Innstille til Medietilsynet om fordeling av midler til forskning og utviklingsarbeid på mediefeltet, særlig relatert til mediemangfold og kritisk medieforståelse, samt problemstillinger relatert til dataspill (jf. handlingsplanen mot spilleproblemer). Aktuelle prosjekter skal ha en teoretisk forankring og en klar praktisk nytteverdi.
  • Være en premissleverandør for Kulturdepartementet og legge til rette for forskning og utviklingsarbeid som departementet har behov for.
  • Medvirke til at resultatene blir gjort lett tilgjengelige.

Medietilsynet oppnevnte nytt fagutvalg i oktober 2021 for kommende treårsperiode (2021–2024)

Medlemmer:

Lisbeth Morlandstø, leder (professor ved Nord Universitet)
Knut Arne Futsæter (forskningsdirektør i medieavdelingen i Kantar Media)
Hilde Arntsen (instituttleder på OsloMet, medieviter med doktorgrad i medievitenskap fra UiB)
Knut Helland (professor i medievitenskap ved Universitetet i Bergen) 

Varamedlemmer:

Audun Beyer (førsteamanuensis ved Høyskolen Kristiania i medier og kommunikasjon)
Grethe Gynnild-Johnsen (30 år erfaring fra NRK, blant annet som redaktør for mediemangfold og samarbeid)

Heidi Schau-Hvatum frå Medietilsynet er sekretær for fagutvalet for medieforsking. Ta kontakt på mediestotte@medietilsynet.no om du har spørsmål.

Vedtekter for Fagutvalet for medieforsking (fagutvalet)   

 § 1 – Fagutvalet 

Fagutvalet er eit rådgivande organ for Medietilsynet ved behandlinga av søknader om tilskott til medieforsking. Medietilsynet nemner opp medlemmer til utvalet for ein periode på fire år. 

§ 2 – Oppgåvene og ansvaret til utvalet  

Utvalet skal utarbeide forslag til fordeling av tilskot til medieforsking innanfor dei økonomiske rammene for ordninga, med utgangspunkt i søknader som er komne inn innan søknadsfristen. Tilskotta skal fordelast i tråd med tildelingsbrevet frå Kulturdepartementet til Medietilsynet og eventuelle andre føringar frå Kulturdepartementet eller Medietilsynet. Forslaget skal innehalde ei konkret vurdering av kvar enkelt søknad, forslag til kva søknader som bør bli innvilga og avslått, og tilrådd støttebeløp til dei søknadene som er foreslått innvilga. 

§ 3 – Saksbehandling

Medietilsynet er sekretariat for utvalet, og førebur sakene for utvalet og utarbeider protokoll frå møte i utvalet. Søknader skal behandlast i det elektroniske saksbehandlingssystemet til Medietilsynet. Tre medlemmer/varamedlemmer som er tilsette ved forskingsinstitusjonar førebur søknadene, før eit samla utval behandlar endeleg innstilling til Medietilsynet om korleis midlane skal fordelast. Medietilsynet gjer vedtak om tildeling og avslag på søknad om tilskott.  

§ 4 – Stemmegiving

Berre faste utvalsmedlemmer har stemmerett. Ved stemmelikskap tel stemma til leiaren dobbelt. Varamedlemmer har stemmerett når dei trer inn for medlemmer som er fråverande eller inhabile.   

§ 5 – Habilitet 

Forvaltningslova § 6 om habilitet gjeld for medlemmene/varamedlemmene i utvalet. I tillegg gjeld Medietilsynets eigne habilitetsreglar for utval/råd (habilitetsreglar).    

Kvar enkelt medlem skal snarast mogleg og før saksbehandlinga tar til, melde frå til utvalsleiaren og Medietilsynet om kva forhold som kan gjere vedkommande inhabil, og kva sak(er) det gjeld. Medlemmer som er usikre på om dei er habile, kan rådføre seg med Medietilsynet. Medietilsynet avgjer i samråd med utvalsleiaren om medlemmen er habil. Ved inhabilitet kallar Medietilsynet inn ein varamedlem, som trer inn i staden for medlemmen når den aktuelle søknaden blir behandla.   

Spørsmål om habilitet blir også tatt opp på tildelingsmøtet, før vurderinga av søknadene startar.   

Dersom ein medlem er inhabil, skal medlemmen tre ut av møtet mens den aktuelle saka blir vurdert.   

Det skal førast i protokollen frå møtet kva medlem som var inhabil, og kva søknad vedkommande ikkje tok del i vurderinga av.  

§ 6 – Iverksetting 

Vedtektene gjeld for behandling av søknader om tilskott frå og med tilskottsåret 2022.   

Vedtektene er fastsette av Medietilsynet 15.09.2021.