1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

4,2 millionar til medieforsking i 2019

Medieforskingsmidlar fordelt i 2019
Medietilsynet fordeler nær 4,2 millionar kroner til forskingsprosjekt og masteroppgåver i 2019. Foto: Medietilsynet

I år fordeler Medietilsynet nesten 4,2 millionar kroner til forskarar som blant anna skal forske på ungdom og dataspel, korleis foreldra si mediebruk påverkar barna og om stordata samla inn av medieverksemdene kan gi ny innsikt til forskarar og media.

Medietilsynet legg spesielt vekt på at forskinga skal vere praktisk orientert og skal kunne brukast i mediekvardagen. Kvart år er det eitt tema som får ekstra prioritet. I år, i likskap med dei siste åra, blir forsking prioritert på dataspel. Noko av midlane til desse forskingsprosjekta er øyremerkte og kjem frå regjeringas handlingsplan mot speleproblem 2019 – 2021.

Sjå oversikt over alle forskingsprosjekta og masteroppgåvene som får stønad i 2019 her

Korleis barn blir påverka av mediebruken til foreldra

Forskar Eiri Elvestad ved Universitetet i Sørøst-Noreg ønsker å sjå nærmare på i kva for ein grad og på kva for ein måte mediebruken til foreldre, samt haldningar til og reguleringa av mediebruken til barna, får konsekvensar for barna sine digitale moglegheiter og rettar. Elvestad vil blant anna sjå nærmare på foreldra si tilrettelegging og regulering av nettbruk, og foreldra si deling av personopplysingane til barnet og bilde på nett.

Konsekvensar av digitalisering og sosiale medium

Forskarane Jan Fredrik Hovden og Jostein Gripsrud ved Universitetet i Bergen skal forske på kva for konsekvensar det digitale skiftet har fått for det norske folk i kvardagslivet deira gjennom å undersøke mediekvardagen til studentane. Forskarane gjennomførte to store undersøkingar av studentar i 1998 og 2008 og ønsker å gjenta og vidareutvikle dette i ein ny studie i 2019.

Forskar Fanny Duckert skal forske på kva for ei tyding sosiale medium har for personar som hamnar i massemedia sitt kritiske søkelys. Formålet med det aktuelle prosjektet er å kartlegge samanhengane mellom eksponering i tradisjonelle nyheitsmedium og bruk av sosiale medium for personar som har opplevd personleg krenkande medieomtale.

Helsestoff i lokalmedia og politikar-svar

Forskar Anna Larsen Grøndahl, også frå Oslomet, skal analysere korleis kommunale helse- og omsorgstenester blir dekte i norske lokalmedium. Målet er få meir kjennskap til heilt sentrale, men lite utforska, problemstillingar knytte til dei journalistiske media som informasjonsmeldar, vaktbikkje og påverknadskraft i forvaltinga av sentrale velferdstenester.

Forskar Jens E. Kjeldsen ved Universitetet i Bergen vil undersøke dei forskjellige strategiane politikarane bruker når dei svarer på, og unngår å svare på, spørsmål frå journalistar. Gjennom samtaleanalyse og retorisk analyse av politiske intervjuar i NRK Radio i tidsrommet 2013–2018 vil Kjeldsen kartlegge svar- og unngåingsstrategiane til politikarane.

Ungdom og dataspel

Forskar Henry Mainsah ved Oslomet skal undersøke korleis norske 11–17-åringar forstår og samspeler med den kommersielle, nettbaserte dataspelverda. Mainsah vil også undervegs i studien undersøke om ungdomane utviklar sin kritiske medieforståing og på den måten betre klarer å stå imot dei kommersielle kreftene i dataspelverda.

Forskar Carol Azungi Dralega ved NLA Mediehøgskolen Kristiansand skal forske på førebyggande kunnskap og løysingar mot dataspelproblem blant ikkje-vestleg ungdom og familiar i Noreg. Ho vil kartlegge behovet og utvikle konkrete tiltak i samarbeid med andre aktørar. Forskingsprosjektet bygger på resultat frå to tidlegare undersøkingar om dataspel og ungdomar.

Stordata kan gi ny innsikt for forskarar

Såkalla stordata samla inn av medieverksemder, kan gi ny innsikt om mediebruk som ikkje tidlegare har vore tilgjengeleg for forskarar. I dag får forskarar i stor grad innsikt frå kvantitative spørjeundersøkingar eller kvalitative metodar som fokusgrupper. Forskar Audun Beyer ved Institutt for samfunnsforskning ønsker å finne ut om forskarar kan bruke slike stordata på ein måte som både tener media og forskinga.

Om medieforsking

Det er Rådet for anvendt medieforsking (RAM) som vurderer søknadene og utarbeider ein innstilling til Medietilsynet. Tilsynet tar den endelege avgjerda om avslag og løyving av stønad. Medietilsynet fordeler midlar til bruksretta medieforsking og legg særleg vekt på forsking på tvers av medium, med tema knytte til redaksjonelle, økonomiske og tekniske forhold. I år deler Medietilsynet ut til saman 4.175.000 kroner, fordelte på tolv forskingsprosjekt og seks masteroppgåver. Prosjektleiar har plikt til å levere rekneskap og rapport om prosjektet innan september 2020.

For meir informasjon, ta kontakt med Nina Bjerke.

  Abonner på nyheter (RSS)