1. Startsiden
  2. Om Medietilsynet
  3. Aktuelt

Medietilsynet ønsker innspel på om lokalradio skal fortsette på FM

Radiostudio
Medietilsynet ønsker innspel på FM-konsesjonane til lokalradioane innan 22. mars. Foto Medietilsynet.

Medietilsynet har fått i oppdrag av Kulturdepartementet å vurdere om lokalradioane sine FM-konsesjonar skal forlengast etter 2021. Medietilsynet ønsker innspel til utgreiinga innan 22. mars.

Då Stortinget vedtok å digitalisere radioen, det vil seie gå frå FM til DAB, fekk dei fleste lokalradioane på FM forlenge konsesjonane sine ut 2021. No har arbeidet med å vurdere om lokalradio skal få fortsette på FM starta.

Brei kartlegging av lokalradioane

Medietilsynet ønsker spesielt innspel på desse spørsmåla:

- Bør lokalradio få høve til å fortsette på FM etter 2021?
- Kor lenge bør lokalradio eventuelt få høve til å fortsette på FM?
- På kva vilkår bør lokalradio eventuelt få høve til å fortsette på FM?

For å kunne vurdere om lokalradioane skal få forlenge konsesjonane, skal Medietilsynet blant anna kartlegge status og hinder for digitalisering, økonomiske og regulatoriske insentiv og økonomien i lokalradiobransjen.
– Vi skal også vurdere om det bør gjerast endringar i regelverket for lokalkringkasting, og om det bør leggast til vilkår i konsesjonen dersom det blir aktuelt å forlenge lokalradiokonsesjonane på FM, seier direktør for juridisk og regulatorisk avdeling, Hanne Sekkelsten.

For å få eit best mogeleg vedtaksgrunnlag vil Medietilsynet i tillegg sende ut ei spørjeundersøking til alle lokalradioar på FM.

Slik gir du innspelet ditt

Merk innspelet med «Innspel til FM-utgreiing» og send det innan fredag 22. mars på e-post til med kopi til .

Innspel kan også sendast per post til Medietilsynet, Nygata 4, 1607 Fredrikstad.

Ved spørsmål, ta kontakt med Hanne Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling.

  Abonner på nyheter (RSS)