- Startsiden
-
Skjemaer
-
Kringkasting
Kringkasting
Årsmelding for kringkastarar
Årsmeldingane gir mediebransjen og styresmaktene nødvendig informasjon om tilstanden i bransjen.
Kven må levere årsmelding?
Du skal levere årsmelding om du:
- Har ein konsesjon for FM lokalradio eller lokal-tv.
- Har anleggskonsesjon på DAB-radio.
- Dersom du har fleire konsesjonar må du levere separat årsmelding for kvar konsesjon inkludert separate nøkkeltal for økonomien.
Har du spørsmål som ikkje blir dekka i rettleiinga under, ta kontakt på aarsmelding@medietilsynet.no
Årsmelding blir levert ein gong per år – med informasjon om det førre året.
Neste leveringsfrist for FM lokalradio og lokal-tv er 14. april 2023.
Neste leveringsfrist anleggskonsesjonærar på DAB er 8. mai 2023.
Rettleiing til skjema på Min side
- Klikk på: «Årsmelding»
- Øvst på sida blir det vist «Alle» - det vil si årsmeldingar for 2019 og for 2020 som du har sendt inn eller årsmeldingar som du jobbar
- Klikk på «Ny» øvst på høgre side - eit nytt skjema opnar seg.
- Klikk på «Årsmelding FM» og trykk 'neste'.
- Begynn med å Oppgi konsesjonsnummer, her velger du konsesjon som du skal levere årsmelding for. For å søke opp konsesjonar som du er kontaktperson for, gjer følgjande:
Klikk i feltet Søk i Saker (finst til høgre i skjema).
|
Skriv inn det firesiffra konsesjonsnummeret og trykk enter. Då blir berre den eine konsesjonen vist. Alternativt: skriv 00 (to nullar) og deretter vel «00» i Saker. Då skal det visast ein liste med tittel Saker. På denne lista blir alle konsesjonar du er kontaktperson for viste. For å opprette årsmelding for den einskilde konsesjonen klikkar du på saksnummer som blir vist til venstre for konsesjonsnummer.
|
Fyll ut konsesjonærnamnet, organisasjonsnummeret til konsesjonæren og alle felta vidare i skjemaet. Det finst hjelpetekstar ved nokre av felta. Desse blir synlege ved å halde musépeikaren over «i»-ein ved feltet.
|
Fyll ut konsesjonærnamnet, organisasjonsnummeret til konsesjonæren og alle felta vidare i skjemaet. Det finst hjelpetekstar ved nokre av felta. Desse blir synlege ved å halde musépeikaren over «i»-ein ved feltet.
|
Etter at du har fylt ut alle obligatoriske felt i skjema (dvs. felt merka med *) kan du «mellomlagre» ved å velje Nei i feltet for Innsending av årsmelding og trykkje deretter for «Lagre» nedst i årsmeldinga. Då har du høve til å redigere seinare. Informasjonen du har fylt inn blir verande den same til neste gong du loggar på.
|
Når du er har fylt ut alle felt og er klar til å sende inn årsmeldinga, vel du Ja i feltet for Innsending av årsmelding og trykkjer deretter for «Lagre» nedst i årsmeldinga. Årsmeldinga blir no sendt inn og du vil få ei kvittering på e-post.
|
Om du har fleire FM-konsesjonar eller konsesjonar for lokal-tv, må du fylle ut ei årsmelding for kvar konsesjon, inkludert separate nøkkeltal for økonomien i kvar konsesjon i 2020.
|