1. Startsiden
  2. Tv, film og radio
  3. Film og kino

Film og kino

Plikter for kinoar og filmfestivalar

Kinoer og filmfestivaler har plikter overfor publikum. Les mer om disse her. Bildet viser en jente på kino med 3D-briller. Foto Unsplash

Kinoar skal informere publikum om aldersgrensene, ha rutinar for alderskontroll og plassere trailerar og reklamefilmar slik at dei passar med hovudfilmen. Kinoane kan også sette opp tilrettelagd babykino som er unntatt frå aldersgrensene.

Informasjon om aldersgrenser og rutinar for kontroll

Publikum skal vite aldersgrensa før dei kjøper billettar. Aldersgrensa må derfor vere godt synleg på kinoen, i avisannonsar, publikasjonar, på nettsidene til kinoen og på sosiale medium.

Kinoane skal lage rutinar for alderskontroll. Dette er noko Medietilsynet kan krevje å få ved eventuell kontroll. Alderskontrollane må også gjennomførast ved visning av filmane.

Vaksne har moglegheit til å ta med barn som er yngre enn aldersgrensa som er sett på kinofilmen. Vaksenpersonen må minst vere fylt 18 år og fått lov av foreldra til å ta med barnet på kino. Dette blir kalla "ledsagerregelen":

  • Alle barn kan gå på film med 6-årsgrense når dei er saman med føresette eller med eit vakse følge som har fått løyve frå foreldra/føresette.
  • For aldersgrensene 9, 12 og 15 kan du ta med barn som er inntil tre år yngre.
  • 18-årsgrensa er absolutt. Det vil seie at alle må vere 18 år for å kunne sjå filmen.


Plakatar med informasjon om aldersgrenser

Kinoar og visingsstader kan laste ned Medietilsynets informasjonsplakatar om aldersgrenser her, både i digitalversjon og trykkversjon:

Plakat stående "Aldersgrenser på kinofilm" bokmål

Plakat liggende "Aldersgrenser på kinofilm" bokmål

Plakat stående "Aldersgrenser på kinofilm" nynorsk

Plakat liggende "Aldersgrenser på kinofilm" nynorsk

Plakat stående "Ahkemearit; kinofilmmas" nordsamisk

Plakat liggende "Ahkemearit; kinofilmmas" nordsamisk

 

Plakat stående "Hva betyr aldersgrensen?" bokmål

Plakat liggende "Hva betyr aldersgrensen?" bokmål

Plakat stående "Kva betyr aldersgrensa?" nynorsk

Plakat liggende "Kva betyr aldersgrensa?" nynorsk

Plakat stående "Maid mearkkasa ahkerádji?" nordsamisk

Plakat liggende "Maid mearkkasa ahkerádji?" nordsamisk

 

Last ned zip-fil med trykkfiler for plakaten "Hva betyr aldersgrensen?"

Last ned zip-fil med trykkfiler for plakaten "Aldersgrenser på kinofilm"

 

Tilpasse reklame og trailerar

Det er ikkje eit krav om at det skal vere aldersgrense på reklame og trailerar, men kinoane har plikt til å tilpasse desse til aldersgrensa på filmen som blir vist. For eksempel om aldersgrensa på hovudfilmen er 6 år, må innhaldet i trailerar eller reklamefilmar som visast før filmen, ha eit innhald som tilsvarer 6 år eller lågare, aldri høgare.

Babykino

Foreldre eller andre føresette kan ta med barn under eitt år på kino når det er særskilt tilrettelagt for det, såkalla babykino. Dette gjeld sjølv om filmen som blir vist, har ei høgare aldersgrense enn "tillatt for alle". Medietilsynet anbefaler følgande retningslinjer ved babykinovisingar:

  • Kinoen bør tilrettelegge slik at barnet er i nærleiken av ein omsorgsperson, slik at det er mogleg å vareta behova til barnet.
  • Filmen som blir vist, bør ikkje innehalde verkemiddel som kan verke sterkt inn på barnet, eller uroe omsorgspersonen.
  • Lyden bør vere dempa.
  • Kinosalen bør vere noko opplyst.

Filmfestivalar

Alle filmar som blir viste på filmfestivalar, skal ha ei aldersgrense så lenge dei ikkje går inn under ei av unntakskategoriane.

Bildeprogramdistributør er ansvarleg for å sette aldersgrense på filmen. I dette tilfellet er bildeprogramdistributør den som har dei norske rettane til visning av filmen på festivalen i Noreg. 

Aldersgrensene skal bli sette etter gjeldande retningslinjer fastsette av Medietilsynet.

Visningsstaden (for eksempel kinoen) har ansvar for å informere publikum om aldersgrensa før dei kjøper billettar og lage rutinar for alderskontroll før visninga. 

Filmfestivalar kan også ha ei fast aldersgrense for å kunne delta på festivalen, slik at alle filmar som blir viste under festivalen, får same aldersgrense som sjølve festivalen. Det er viktig at festivalen informerer tydeleg, mellom anna på nettsidene sine, også dersom dei vel å ha ei generell aldersgrense. Det vil alltid måtte vere 15 eller 18 år som ei generell aldersgrense ettersom Medietilsynet krev at festivalar for barn og/eller ungdommar har aldersgrense på kvar enkelt film.

Retningslinjer: Aldersklassifisering av bildeprogram

Miniatyrikon for lovtekst.png Du finn regelverket for film og kino her – eller gå direkte til bildeprogramlova kapittel 1-3