1. Startsiden
  2. Fakta og innsikt
  3. Rapporter
  4. Webrapporter

Webrapporter

Økonomien i norske aviser 2016–2020

Medietilsynet publiserer årleg ein rapport om den driftsøkonomiske utviklinga til avisene. Rapporten omhandlar økonomien i aviser som tek betalt for innhaldet. I alt 220 aviser som blir selde i abonnement og laussal, er inkluderte i rapporten. Datagrunnlaget inkluderer små lokale vekesavisar som Fjuken og Finnmarksposten, større lokale dagsaviser som Avisa Nordland og Bergensavisen, laussalsavisene VG og Dagbladet og nasjonale nisjeavisar som Nationen og Morgenbladet.

Klikk på grafane eller tabellane får å sjå dei i stort format.

Oppsummert kjem avisene i Noreg ut av pandemiåret 2020 med større økonomiske reserver enn dei hadde ved inngangen av året. Lønnsemda blei styrktog dei samla driftsmarginane for avisene auka i 2020. 

Driftsmargin for alle aviser frå 2016 til 2020 utan statlege tilskott (i prosent)

_Figur1.png

Avisene som er omfatta av denne rapporten, hadde eit samla driftsresultat på vel 691 millionar kroner i 2020 – ein auke på 75 millionar kroner eller 11,6 prosent frå 2019.  

Resultatutvikling for alle aviser frå 2016 til 2020 (tal i millionar kroner)

Figur2.png

Større brukarinntekter og lågare driftskostnader er årsaker til at lønnsemda blei betra. Denne utviklinga kompenserte for fallet i annonseinntekter i 2020.

I tillegg fekk avisene 43,5 millionar kroner i koronakompensasjon gjennom den midlertidige ordninga til Kulturdepartementet, og produksjonstilskottet auka med 40 millionar kroner. I sum førte dette til at rekordmange aviser gjekk med overskott før skatt i 2020:

Tabell_1.png

Inntektsfallet fortsette under pandemien 

I løpet av dei siste fem åra har avisene mista totalt 583 millionar kroner eller 4,9 prosent i driftsinntekter. I 2020 var driftsinntektene i sum på 11 262 millionar kroner – eit fall på 229 millionar eller 2 prosent frå 2019. Inntekter frå papirutgåvene blei reduserte med heile 972 millionar kroner i 2020, mens dei digitale inntektene auka med 743 millionar kroner.  

Driftsinntektene til alle aviser frå 2016 til 2020 fordelte på inntektskjelder
(tal i millionar kroner)

Figur3.png

Inntektsreduksjonen frå papirutgåvene fordelte seg med 56 prosent i annonseinntekter og 44 prosent i brukarinntekter.   

Brukarinntektene blir stadig viktigare for avisene 

Mens avisene tidlegare hadde dei største inntektene frå reklamesal, har brukarinntekter frå sal av aviser vore den viktigaste inntektskjelda frå 2015.  

Annonse- og brukarinntektene sin andel av dei totale driftsinntektene til avisene frå 2016 til 2020 (i prosent)

Figur5.png

Brukarinntektene utgjorde totalt vel 7 milliardar kroner for norske aviser i 2020. Heile veksten på 2,8 prosent frå 2019 kom frå brukarinntekter i nettavisene. Med unntak for laussalsavisene og nr. 2-dagsavisene auka brukarinntektene for alle typar aviser frå 2019 til 2020. 

Dei fleste avisene har fått løysingar for digital brukarbetaling, og avgiftsmessig likebehandling (meirverdiavgift) av papir- og nettutgåver frå 2016 har også verka positivt inn på brukarinntektene.  

Dei totale brukarinntektene til avisene fordelte på papir/komplett og nett frå 2016 til 2020 (tal i millionar kroner)

Figur6.png

Svikten i annonseinntekter fortsett 

Avisene har tapt nær 25 prosent av annonseinntektene dei siste fem åra. Reduksjonen var på 434 millionar kroner i 2020 –
 ned 10,5 prosent frå året før.

Ei viktig årsak er redusert annonsering som følge av koronapandemien. Fallet kom på papir, mens reklameinntektene frå dei digitale utgåvene auka med 184 millionar kroner eller 11,3 prosent i 2020. 

Annonseinntektene til avisene – papir og nett frå 2016 til 2020 (tal i millionar kroner)

Figur9.png

Ei anna viktig årsak til fallet i annonseinntekter er konkurransen frå dei globale aktøreneI 2020 hadde Facebook og Google nesten dobbelt så ge annonseinntekter som avisene frå den norske marknaden. 

Den norske annonsemarknaden – marknadsandelar i ulike kanalar frå 2016 til 2020  (tal i millionar kroner)

Figur8.png

Frykt for inntektssvikt førte til store kostnadskutt 

Koronapandemien utløyste frykt for at avisene kom til å tape store inntekter i 2020. Mange kutta derfor kostnadene, og totalt kutta avisene 299 millionar kroner. Dermed blei kostnadsreduksjonen i sum på 75 millionar kroner meir enn inntektsreduksjonen. Dei siste fem åra har avisene redusert driftskostnadene med 816 millionar kroner eller 7,1 prosent.  

Driftskostnadene til aviser frå 2016 til 2020 (tal i millionar kroner)

Figur10.png

Forskjellige avistypar har ulik økonomisk utvikling 

Ulike avistypar har hatt ulik økonomisk utvikling over tid. Tabellen gir nøkkelopplysningar om forskjellige avistypar. 

 

Tabell_5.png

Fådagarsavisene og dei nasjonale nisjeavisene har auka driftsinntektene dei siste fem åra, mens dei andre avisene har tapt mellom to og ti prosent av inntektsgrunnlaget. Dei største abonnementsavisene har hatt størst inntektstfall.

Driftsinntekter etter avistype frå 2016 til 2020 (tal i millionar kroner)

Figur14.png

Laussalsavisene har meir enn halvparten av inntektene frå nettutgåvene, mens små lokalaviser og nasjonale nisjeaviser har meir enn 80 prosent av inntektene frå papirutgåvene.  

Andel av driftsinntektene som kom frå digitale kjelder i 2020 (i prosent)

Figur16.png

Kostnadsutviklinga for dei ulike avistypane følger i stor grad inntektsutviklinga.   

For fullversjon av rapporten – gå til Økonomien i norske aviser 2016–2020