1. Startsiden
  2. Fakta og innsikt
  3. Rapporter
  4. Webrapporter

Webrapporter

Økonomien i norske medium 2016–2020

Medietilsynet publiserer årleg ein rapport om den driftsøkonomiske utviklinga i norske medium. Rapporten handlar om avisene og kringkastarane, samt dei store eigarkonserna. Her kan du lese eit samandrag av dei viktigaste funna i rapporten.

Datagrunnlaget inkluderer 215 lokale og nasjonale aviser som tar betalt for innhaldet og rundt 130 lokale og nasjonale kringkastingsverksemder. Medieverksemdene varierer veldig i størrelse frå milliardbedrifter som VG og TV 2 til små lokalradioverksemder med nokre titusen i omsetning og som er drivne av frivillige.

Radioverksemdene auka driftsinntektene, mens det gjekk ned for tv-verksemdene og avisene 

Aviser og kringkastarar stod for knapt éin prosent av BNP for Fastlands-Noreg i 2020. Medieverksemdene omsette for til saman 26 milliardar kroner, ein nedgang på 1,1 milliardar kroner eller 4,1 prosent frå 2019.

Dei samla driftsinntektene i aviser og kringkastarar har gått ned med 0,4 prosent frå 2016 til 2020. Størsteparten av nedgangen kom i 2020. Da gjekk inntektene ned med 1,1 milliardar kroner eller 4,1 prosent. Figur 1 viser utviklinga i driftsinntektene dei siste fem åra etter type medieverksemd:

imagekggvi.png
Figur 1 – driftsinntekter for medieverksemdene 2016–2020 (tal i millionar kroner)

Driftsinntektene i dei kommersielle kringkastarane auka med 8,6 prosent frå 2016 til 2020. Men utviklinga har vore ei anna det siste året –  ein reduksjon på 7,5 prosent. I avisene er driftsinntektene reduserte i femårsperioden sett under eitt (ned 6,3 prosent) – med eit fall på  tre prosent frå 2019 til 2020.

Avisene har mista store delar av reklameinntektene, mens brukarinntektene har auka noko dei siste fem åra. I 2020 mista avisene ytterlegare tre prosent av reklameinntektene, mens brukarinntektene auka med 2,8 prosent. Dei kommersielle kringkastarane auka brukarinntektene betydeleg kvart år fram til 2019. Ein stor del av nedgangen i 2020 kjem av selskapsmessige endringar i NENT, som blant anna eig TV3. Desse endringane gjer 2020-tala for driftsinntektene til dei kommersielle tv-verksemdene usikre. I 2020 heldt nedgangen i reklameinntektene til kringkastarane fram med 8,3 prosent frå 2019.

NRK auka driftsinntektene med 3,5 prosent frå 2016 til 2020. I 2020 gjekk inntektene ned med 1,9 prosent.

I 2020 utgjorde driftsinntektene til avisene 11,7 milliardar kroner, til private kringkastarar 8,3 milliardar kroner og til NRK 5,9 milliardar kroner. Figur 2 viser korleis dei samla driftsinntektene til mediebransjen var fordelte på dei ulike typane mediebedrifter i 2016 og 2020.

imageve9qf.png
Figur 2 – driftsinntekter for dei ulike typane mediebedrifter i 2016 og 2020 (tal i prosent)

Avisene er desidert størst målt i driftsinntekter, men har år for år fått ein stadig mindre del av dei totale driftsinntektene i bransjen. Sett under eitt hadde NRK og dei kommersielle kringkastarane 54,9 prosent av dei totale driftsinntektene i bransjen i 2020.

Driftsinntektene til avisene fall kraftig i åra frå 2012 til 2016. Sjølv om inntektene til avisene fortset å gå ned, bremsa nedgangen kraftig opp frå 2017 til 2019. I 2020 fall driftsinntektene med vel 358 millionar kroner, eller tre prosent, frå året før. Inntektsfallet i 2020 kjem av reduserte annonseinntekter som følge av koronapandemien.

Over halvparten av driftsinntektene var brukarinntekter siste året

Brukarinntektene til avisene og inntektene som tv-verksemdene har frå sal av kanalpakker, abonnement på strøymetenester og distribusjon, spelar ei stadig viktigare rolle for medieøkonomien.

I 2017 hadde medieverksemdene for første gong større inntekter frå brukarmarknaden enn frå reklamemarknaden. Den andelen som brukarinntektene utgjer av driftsinntektene, auka ytterlegare det siste året – frå 54,9 prosent i 2019 til 56,9 prosent i 2020. Brukarinntektene utgjorde 11,4 milliardar kroner i 2020 i dei selskapa Medietilsynet har opplysningar om – ned med 1,3 prosent frå 2019. Figur 3 viser utviklinga i brukarinntekter for avis- og tv-verksemder dei siste fem åra.

imagepdsk.png
Figur 3 – brukarinntekter etter type medieverksemd (tal i millionar kroner)

Mens reklameinntekter var den viktigaste inntektskjelda for avisene før 2015, har brukarinntektene vore størst sidan da. Brukarinntektene til avisene var på 7,1 milliardar kroner i 2020. Ein stadig større andel av brukarinntektene til avisene kjem frå digitale utgåver. 69 prosent, eller 4,8 milliardar kroner, kom frå produkt der papirutgåvene inngår – såkalla komplettprodukt. 2,2 milliardar kroner, eller 31 prosent, kom frå digitale produkt. Bortsett frå for laussalsavisene auka brukarinntektene for alle typar aviser frå 2019 til 2020.

Brukarinntekter er også ein stadig viktigare del av økonomien til dei kommersielle tv-verksemdene. I 2020 utgjorde slike inntekter om lag 56 prosent av driftsinntektene i dei selskapa Medietilsynet har opplysningar om.[1] Brukarinntektene var på om lag 4,3 milliardar kroner i 2020 mot 3,1 milliardar i 2016.

[1] NENT (tidlegare MTG) spesifiserer ikkje driftsinntektene frå den norske tv-marknaden. Medietilsynet anslår årleg NENTs samla distribusjons- og abonnementsinntekter frå den norske marknaden. Pga. selskapsendringar i NENT er anslaget for 2020 usikkert. Anslaget er inkludert i tala for brukarinntekter i dette avsnittet.

Fall i reklame- og annonseinntektene for alle typer medieverksemder

Reklameinntekter er den andre viktige inntektskjelda for dei kommersielle medieaktørane. Desse inntektene var på sitt høgaste i 2012 med 12,2 milliardar kroner. Totalt selde medieverksemdene reklameplass for om lag 7,6 milliardar kroner i 2020 – 954 millionar kroner eller 11,2 prosent mindre enn året før.

Figur 4 viser fordelinga av reklameinntekter mellom avis-, radio- og tv-verksemder.

imaget4qx.png
Figur 4 – reklameinntektene til mediebedriftene 2016–2020 (tal i millionar kroner)

Både kringkastarar og aviser hadde lågare reklameinntekter i 2020 enn i 2019. Koronapandemien er ei viktig årsak til nedgangen. Reklameinntektene til avisene fall med 606 millionar kroner, eller 14,1 prosent, i 2020. Avisene har mista 29 prosent av reklameinntektene dei siste fem åra. Fallet skjer på papir, mens reklameinntektene frå nettavisene auka med over elleve prosent i 2020.

Dei kommersielle tv-verksemdene tapte 286 millionar, eller 7,9 prosent, av reklameinntektene  i 2020. Dermed fortsette nedgangen for tredje år på rad. Radioverksemdene har mista 26 prosent, eller 189 millionar kroner, av reklameinntektene dei siste fem åra. Fallet var på 61 millionar kroner i 2020 – ein nedgang på 10,5 prosent.

Ei viktig årsak til fallet i annonseinntektene er den sterke posisjonen Facebook og Google har i den norske annonsemarknaden. Dei to globale aktørane har auka marknadsdelen sin med 18 prosentpoeng sidan 2016, mens andelen til avisene har falle tilsvarande i denne perioden.

Totalt blei det brukt knapt 12,3 milliardar kroner på annonsering på internett i 2020.[1] Av denne summen gjekk om lag 1,8 milliardar til avisene. Mediebedriftenes Landsforening (MBL) anslår at Facebook og Google henta om lag 7,1 milliardar kroner frå den norske reklamemarknaden i 2020 – ein auke på 800 millionar kroner eller nesten 13 prosent meir enn MBLs anslag for 2019.

Utviklinga der globale aktørar som Google og Facebook stadig tar ein større del av den norske marknaden, skaper stor uvisse om framtidige annonse- og reklameinntekter for norske medieverksemder. Sjølv om avisene i stor grad har halde på lesarane, blir annonseinntektene stadig mindre. Overgangen frå annonsering på papir til annonsering på nett gir lågare inntekter fordi annonsørane betaler mindre for digitale annonser. Tv-sjåarane ser mindre på tradisjonell lineær tv og meir på strøymt innhald. Det kan vere ei viktig årsak til at dei kommersielle tv-verksemdene har fått redusert reklameinntektene sine.

[1] Institutet för reklam- och mediestatistik: Årsstatistikk 2019

Svekt lønnsemd i mediebransjen

Lønnsemda i mediebransjen blei samla sett noko redusert i 2020 etter eit år med god lønnsemd i 2019. Årsaka er lågare inntekter i alle typar verksemder. Til saman reduserte verksemdene kostnadene med nesten éin milliard kroner, men det var ikkje nok til å vege opp for tapte inntekter.

Figur 5 viser utviklinga i driftsresultatet for avis-, radio- og tv-verksemdene dei siste fem åra med unntak av NRK og NENT. NENT publiserer ikkje driftsresultat for tv-verksemda retta mot den norske marknaden. I 2020 var driftsresultatet til bransjen samla sett 1,6 milliardar kroner (medrekna statlege tilskott på 625 millionar kroner)[1], 88 millionar kroner eller 5,2 prosent lågare enn året før.

imagepurf.png
Figur 5 – driftsresultat for mediebedriftene 2016–2020 (tal i millionar kroner)

For bransjen sett under eitt var driftsmarginen 8,7 prosent i 2020 – det same som i 2019.

Figur 6 viser driftsmarginane for avis-, radio- og tv-verksemder dei siste fem åra. Radioverksemdene var samla sett dei mest lønnsame medieverksemdene i 2020 målt etter driftsmargin.

imagelmz3m.png
Figur 6 – driftsmarginar for mediebedriftene 2016–2020 (i prosent)
[1] Allmennkringkastingskompensasjon til TV 2, mediestøtte til aviser og lokalkringkastarar og kompensasjon for bortfall av inntekter som følge av koronapandemien

Koronapandemien hadde liten effekt på driftsøkonomien til medieverksemdene

Da Noreg stengde ned på grunn av koronapandemien 12. mars 2020, kansellerte mange annonsørar reklamekampanjane sine i media. Men inntektstapet blei mindre enn mange frykta, og dei permitterte er ifølge bransjeorganisasjonane tilbake i jobb. 

Medieverksemdene[1] mista samla 678 millionar kroner, eller 3,5 prosent, av driftsinntektene i løpet av 2020. Det er vanskeleg å talfeste nøyaktig kor stor del av inntektsfallet som er ei direkte følge av pandemien. Gjennom ei kompensasjonsordning for dei redaktørstyrte media blei det betalt ut 77,6 millionar kroner, som bidrog til å dekke inntektstapet.

Så langt Medietilsynet kjenner til, er ingen medieverksemder lagde ned som direkte følge av koronapandemien.

Tabell 2 viser utviklinga i driftsinntekter for ulike typar medium for heile 2019 og 2020 og fangar opp utviklinga under pandemien ut 2020.

Tabell 2 – utvikling av driftsinntekter for norske medieverksemder 2019–2020

 

Driftsinntekt i 2020 i mill. kroner

Endring inntekt frå 19 til 20 i mill. kroner

Endring inntekt frå 19 til 20 i prosent

Kompensasjon for inntektsbortfall i mill. kroner

Lokalaviser

6 436

–307

–4,8

38,6

Nasjonale aviser

4 815

67

1,4

5,5

Lokalradio

219

–16

–6,8

2,4

Lokal-tv

40

4

10

0

Nasjonale kringkastarar

6 864

–434

-6

13,9

Som forventa har annonseinntektene falle mest. Det gjeld alle typar medium med unntak for lausalsavisene. Avisene auka brukarinntektene, mens tv-verksemdene fekk færre brukerinntekter i 2020.

Reklamefinansierte lokalradioverksemder tapte nær 30 prosent av inntektene i 2020, mens lokalradioverksemder med bingoinntekter som hovudinntektskjelde auka inntektene med meir enn 50 prosent. Medietilsynet har ikkje opplysningar om driftsinntekter for fagpressa for dei aktuelle åra.

Samla var medieverksemdene lønnsemda noko svekka i 2020, men mange verksemder styrkte lønnsemda betydeleg under koronapandemien. Medietilsynet antar at årsaka er innsparingar som følge av permisjonar og oppseiingar. Etter det tilsynet kjenner til, har medieverksemdene forsøkt å skjerme redaksjonelt tilsette.

[1] Eksklusiv tv-verksemdene til NRK og NENT retta mot den norske marknaden.

Les heile rapporten

Dei fullstendige rapportane om norsk medieøkonomi kan du finne her:

Avisenes økonomi 2016–2020 (Juli 2021)

Økonomien i norske medier 2016–2020 (desember 2021)

Har du spørsmål, ta konktakt med Bjørn Tore Østeraas.