1. Startsiden
  2. Mediestøtte

Mediestøtte

Produksjonstilskott

Formålet med ordninga er å legge til rette for ein brei samfunnsdebatt, og å halde befolkninga breitt og generelt orientert om ulike samfunnsspørsmål.

Søknadsfrist: 19. mars 2026

Produksjonstilskottet er den største av dei direkte mediestøtteordningane, og er eit av verkemidla staten har for å fremme mediemangfald.

Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av lokale nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet. Alle nyheits- og aktualitetsmedium på papir og nett, med unntak av kringkastarar, kan søke.

Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader. Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre medium og nummer to-medium i slike marknader.

Produksjonstilskottet blei fordelt for første gong i 1969. Ordninga er plattformnøytral, og likestiller papir- og nettaviser.

 

Miniatyr - skjema til tekst 60x60.png Logg på Min side og søk produksjonstilskott
hus min side png sort 60x60.png Har du ikkje tilgang til Min side? Registrer deg her.

En oransje strek som skiller sakene