1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

1. pinsedag er det forbode å sende reklame på tv og radio

Det er forbode å sende reklame på tv og radio 1. pinsedag, langfredag, 1. påskedag og 1. juledag. Foto Medietilsynet
Det er forbode å sende reklame på tv og radio 1. pinsedag, langfredag, 1. påskedag og 1. juledag. Foto Medietilsynet

Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame søndag 28. mai i år, sidan det er forbode å sende reklame 1. pinsedag. Mange av kringkastarane vel å gi bort reklameplassen til ideelle organisasjonar denne dagen.

Det er ikkje berre i pinsa det er forbode å sende reklame på radio og tv. Også 1. juledag, langfredag og 1. påskedag er det forbode å sende reklame, ifølge kringkastingsforskrifta.

Regelen gjeld berre for radio og tv. Formålet er at publikum ikkje skal bli utsett for kommersielle bodskapar i desse media gjennom høgtidsdagane.

– Kringkastarane er som regel flinke til å følge reklameforbodet. Medietilsynet har berre funne brot på regelen ved eit par høve dei siste tjue åra, seier direktør for juridisk og regulatorisk avdeling Hanne Sekkelsten.

Dersom ein kringkastar bryt regelen, kan Medietilsynet gi sanksjonar i form av ei åtvaring, eit regelbrotsgebyr eller eit tidsavgrensa forbod mot å sende reklame.

På Medietilsynets sider kan du lese meir om forbodet mot å sende reklame dei fire dagane i året.

  Abonner på nyheter (RSS)