1. Startsiden
  2. Nyheter
  3. Nyhetssaker

Nyhetssaker

1. pinsedag er det forbode å sende reklame på tv og radio

Regi-panel og tv-skjermer. Knapper og spaker i forgrunnen og store skjermer med mange forskjellige bilder på veggen bak.
Illustrasjonsfoto, tv-regi hos TV 2.

Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame søndag 24. mai i år, sidan det er forbode å sende reklame 1. pinsedag.

Denne dagen er ein av fire dagar det ikkje er lov å sende vanleg reklame i tv og radio. Også 1. juledag, langfredag og 1. påskedag er det forbode å sende reklame, ifølge kringkastingsforskrifta. Forbodet gjeld heile døgnet.

Formålet med regelen er at publikum ikkje skal bli utsett for kommersielle bodskapar i desse media gjennom høgtidsdagane.

– Kringkastarane har lenge vore flinke til å følge reklameforbodet, seier direktør for juridisk og regulatorisk avdeling Hanne Sekkelsten.

– Derfor er denne påminninga ikkje først og fremst til dei som sender, men til dei mange som ikkje kjenner regelverket, og kanskje lurar på dei spesielle reklameavbrudda fire dagar i året. Mange av kringkastarane vel å gi bort reklameplassen til ideelle organisasjonar desse dagane, fortel Sekkelsten.

Dersom ein kringkastar bryt regelen, kan Medietilsynet gi sanksjonar i form av ei åtvaring, eit regelbrotsgebyr eller eit tidsavgrensa forbod mot å sende reklame.

På Medietilsynets sider kan du lese meir om forbodet mot å sende reklame dei fire dagane i året.

  Abonner på nyheter (RSS)