Nyhetssaker
Forbod mot radio- og tv-reklame 1. juledag
Radio- og tv-kanalane har ikkje lov til å sende vanleg reklame torsdag 25. desember. Mange av kringkastarane vel å gi bort reklameplassen til ideelle organisasjonar denne dagen.
Forbodet mot å sende reklame 1. juledag gjeld berre for radio og tv. Formålet med regelen er at publikum ikkje skal bi utsett for kommersielle bodskapar gjennom tv og radio denne høgtidsdagen.
Det er fire dagar i året da det ikkje er tillaten å sende reklameinnslag på tv og i radio, langfredag, 1. påskedag, 1. pinsedag og altså 1. juledag.
– Kringkastarane overheld reklameforbodet på ein god måte. I løpet av dei siste tjue åra har det berre vore nokre få tilfelle der Medietilsynet har oppdaga brot på denne regelen, fortel Hanne Sekkelsten, direktør for juridiske og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.
Dersom ein kringkastar bryt regelen, kan Medietilsynet gi sanksjonar i form av ei åtvaring, eit regelbrotsgebyr eller eit tidsavgrensa forbod mot å sende reklame.
På Medietilsynets sider kan du lese meir om reklame, sponsing og produktplassering på tv og radio.