Nyhetssaker
Inntektene framleis under press i mediebransjen, trass betre lønnsemd i 2025
Lønnsemda i den norske mediebransjen styrkte seg i 2025, men framleis er hovudutfordringa at dei digitale inntektene ikkje kompenserer for fallet på tradisjonelle plattformer. Det viser rapporten Norsk medieøkonomi 2021–2025 frå Medietilsynet.
– Sjølv om driftsresultatet samla sett blei betre i 2025 enn året før, er den underliggjande utviklinga framleis prega av press på inntektssida. Når inntektene frå tradisjonelle plattformer går ned utan å bli erstatta fullt ut med digitale inntekter, blir økonomien meir sårbar, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.
Størst nedgang for aviser og kommersiell tv
Samla omsette medieverksemdene for 29,5 milliardar kroner i 2025, 692 millionar kroner, eller 2,4 prosent meir enn i 2024. Driftsresultatet auka med 299 millionar kroner til 1 615 millionar kroner, medan driftsmarginen gjekk opp frå 6,3 prosent i 2024 til 7,5 prosent i 2025.
Samtidig viser rapporten at den langsiktige utviklinga framleis er krevjande. Justert for prisvekst er dei samla driftsinntektene i mediebransjen reduserte med 3,7 milliardar kroner, eller 11,2 prosent, frå 2021 til 2025. Nedgangen er størst for kommersiell tv og aviser.
– Avisene styrkjer dei digitale brukarinntektene, men taper annonseinntekter, og kommersiell tv står i ein krevjande overgang frå lineær distribusjon til strøyming, seier Velsand.
Brukarinntektene veks
Brukarinntektene er den viktigaste inntektskjelda for store delar av dei kommersielle media. I 2025 hadde medieverksemdene samla brukarinntekter på 13,1 milliardar kroner. For avisene auka dei samla brukarinntektene med 256 millionar, eller 3,3 prosent, til 8,1 milliardar kroner. Av desse er 56,9 prosent brukarinntekter frå reine digitale produkt.
150 av 251 aviser opplyste at dei fekk meir enn halvparten av brukarinntektene sine frå reine digitale kjelder i 2025. I 56 prosent av avisene kom meir enn halvparten av dei samla inntektene frå digitale kjelder.
– Norske aviser ligg langt framme internasjonalt når det gjeld digitale løysingar for brukarbetaling, men tala viser at desse inntektene ikkje kompenserer fullt ut for nedgangen i annonseinntektene, seier Velsand.
Globale aktørar har godt grep om en norske reklamemarknaden
Reklameinntektene til norske medium er framleis under press frå globale plattformer. I 2025 selde norske medieverksemder reklameplass for om lag 8,4 milliardar kroner, medan globale aktørar som Facebook og Google henta 13,5 milliardar kroner frå den norske reklamemarknaden.
Frå 2021 til 2025 auka marknadsdelen til dei globale aktørane med 8 prosentpoeng, til 47 prosent, medan delen til avisene blei redusert, med 5 prosentpoeng, til 13 prosent i perioden. I 2025 har dei globale aktørane for første gong ikkje auka sin marknadsandel i den norske reklamemarknaden.
Dei nasjonale radioverksemdene auka reklameinntektene også i 2025, og hadde høgare reklameinntekter enn nokon gong.
Mange publikasjonar hadde hatt negativt driftsresultat utan støtte
Rapporten viser og at utan produksjonstilskotet ville mange aviser hatt lågt eller negativt driftsresultat i 2025.
– Dette viser at dei direkte mediestøtteordningane er viktige for mediemangfaldet, og den rolla redaktørstyrte medium skal ivareta. Desse media er viktige både for demokratiet og som ein del av totalberedskapen. Dei gir innbyggjarane tilgang til påliteleg og uavhengig informasjon og er viktige i arbeidet med å byggja motstandskraft mot desinformasjon og informasjonspåverknad, seier Mari Velsand.
Les heile rapporten her.
Fakta om økonomien i media i 2025:
- Den totale omsetninga til media inkludert NRK var på 29,5 milliardar kroner i 2025, 692 millionar kroner meir enn i 2024. Dette er ein vekst på 5,3 prosent frå 2021, men etter inflasjonsjustering er det ein reell nedgang på 11,2 prosent.
- Nasjonale radioverksemder har som einaste type medieverksemder hatt oppgang i inflasjonsjusterte inntekter dei siste fem åra.
- Totalt hadde media eit driftsresultat på 1615 millionar kroner i 2025, 299 millionar kroner meir enn i 2024. Driftsmarginen enda på 7,5 prosent i 2025, opp frå 6,3 prosent i 2024.
- Dei nasjonale kringkastingsselskapa hadde høgare reklameinntekter i 2025 enn i 2024.
- Lønnsemda vart styrkt i 2025 for avisene og tv-selskapa. Driftsmarginen for avisene gjekk opp med 1,2 prosentpoeng og for tv opp med 1,3 prosentpoeng. Lønnsemda for radioverksemdene gjekk opp med 1,5 prosentpoeng. Nasjonal radio held fram trenden gjennom dei siste fem åra med den høgaste lønnsemda i bransjen i 2025.
- Medieverksemdene hadde 13,1 milliardar kroner i brukarinntekter i 2025. Brukarinntektene representerte nær 60 prosent av driftsinntektene for både avisene og dei kommersielle tv-selskapa i 2025.
- Driftsresultatet til avisene, inkludert statlege tilskot på 460 millionar kroner, var 1 091 millionar kroner i 2025 mot 923 millionar i 2024 – opp med 168 millionar kroner. Driftsmarginen til avisene blei samla sett styrkt med 1,2 prosentpoeng til 8,5 prosent.
- Dei nasjonale radioselskapa styrkte lønnsemda med 0,7 prosentpoeng frå 2024, og var framleis svært lønnsame med ein driftsmargin på 25,9 prosent i 2025.
- 56 av 111 lokalradioverksemder rapporterte om driftsunderskot i 2025